SMIL/RMP- samling på Utsira

Dato:
27. april 2023 10:00 - 15:00
Stad:
Utsira
Arrangør:
Utsira kommune og Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Landbruksforvaltninga på Haugalandet og i Ryfylke
sau på Utsira
Velkomen til Utsira. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Utsira er vertskap for årets samling på Haugalandet om SMIL-midlar og Regionalt miljøtilskot i jordbruket. 

Publisert 31.01.2023

Program

Vi møtast på Allrommet i Siratun (kommunehuset, Utsiravegen 112)

Kl 09.45 Gjennomgang av faglege tema v/Statsforvaltaren

kl 11.30 Lunsj

Kl 12.30 Ut i felt v/Utsira kommune.

kl 16.00 Middag på Dalanaustet (Nordvikvågen)

Påmelding

Påmelding på e-post til eirik@utsira.kommune.no med kopi til nono.dimby@statsforvalteren.no innan 24. april. 

Korleis reise til Utsira?

Ferjetider finn du på https://rutebaatenutsira.no/ruteplan. Rutebåten er på årleg verftsopphald fram til 26. april, og det er erstatningsbåt under verftsopphaldet. Det er mogleg at verftsopphaldet blir litt forlenget (slikt er alltid litt usikkert). Då er det M/S Gyda som går. På M/S Gyda er det ikkje mogleg å ta med bilar. Rutebåten bruker ca. 70 minutter og Gyda ca. 45 minutter på turen.

Utsira kommune tilrår:

Utan overnatting:

Kl. 08.00 Avgang frå Garpeskjærskaien til Utsira

Kl. 17.45 Avgang frå Nordrevågen til Haugesund  

Med overnatting: 

Sjekk www.utsira.net (Sildaloftet, Bølgen og Utsira fyr) og www.hoseditgoghjalmar.no (hos Edith og Hjalmar).

Rutebåten går 16.15 og 19.15 fra Garpeskjæret til Utsira på 26. april.

 

Dato:
27. april 2023 10:00 - 15:00
Stad:
Utsira
Arrangør:
Utsira kommune og Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Landbruksforvaltninga på Haugalandet og i Ryfylke