Fagsamling for landbruksforvaltninga i Rogaland

Dato:
8. juni 2022 08:00 - 9. juni 2022 15:00
Stad:
Utstein kloster hotell, Mosterøyveien 661, Mosterøy
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland, landbruksavdelinga
Målgruppe:
Landbruksforvaltninga i Rogaland
Påmeldingsfrist:
16. mai 2022 00:00
Rennesøy fotograf: Iris-Adele Berg Jess

Statsforvaltaren inviterer landbruksforvaltninga i Rogaland til fagsamling 8.–9. juni 2022. I år er samlinga på Nord-Jæren. 

Publisert 08.04.2022

Tradisjonen tro arrangerer Statsforvaltaren fagsamling for landbruksforvaltninga i stat og kommune. Her blir vi betre kjent med andre med same jobb og får fagleg påfyll. I år held vi oss på Nord-Jæren og overnattar på Utstein kloster hotell. Dei har berre 50 rom, så vi ser gjerne at de deler rom med ein kollega. Dag to er det som vanleg synfaring. Transporten blir ein kabal med personbilar, og vi treng å vite om de køyrer sjølv eller treng nokon å sitte på med.

Her ser de program for fagsamlinga (utskriftsvenleg versjon) – Vi ser fram til å sjåast, velkomen! Frist for påmelding er 16. mai. 

 

Program dag 1. Onsdag 8. juni:

09.00–09.30  Registrering og ein matbit på Utstein Kloster hotell
09.30–09.40 Velkomen og opning av fagsamlinga
09.40–10.10  Nytt frå landbruket ved Geir Skadberg, landbruksdirektør. Presentasjon av  nye tilsette hos Statsforvaltaren og i kommunane
 

Sakshandsaming

10.10–10.40 Etiske dilemma i forvaltinga ved Tora Aasland, leiar av KS sitt etikkutval
10.40–10.55   Samtale og diskusjon
10.55–11.10  Pause
11.10–11.40    Tilskotsforvaltninga:
  * Høgsterettsdom om foreldingsfrist  ved Sissel Endresen, Statsforvaltaren
  * Forvaltninga  si rettleiingsplikt ved Malene Hassel Sørensen, Statsforvaltaren
 

Digitalisering og effektivisering

11.40–12.00 Optimalisering av grovfôrdyrking med bonden og miljøet i sentrum ved Einar Vasstveit, grunnleggar og dagleg leiar Agrosense  
12.00–13.00  Lunsj
13.00–13.25 Moglegheiter innan kartverktøy for landbruk, ved James Stott GIS koordinator hos Statsforvaltaren
13.25–13.45  Kartlegging og digitalisering av viltruter og hjortevald frå Sandnes kommune ved Robijne Verstegen, skogansvarleg i Sandnes kommune
13.45–14.00  Pause
 

Areal og eigedom 

14.00–14.15  Jordvern i kommande kommuneplanprosessar ved Anfinn Rosnes, Statsforvaltaren
14.15–14.35  Dødsbu – dialog og erfaringsutveksling ved Rune Lian, Statsforvaltaren. Vi ønsker at kommunane i forkant sender inn særskilde utfordringar dei har erfart til fmrorli@statsforvalteren.no, slik at vi kan diskutere desse.
14.35–14.55  AS og konsesjon – gjennomgang av eksempelsak ved Helene Medhus Skedsmo, Statsforvaltaren
14.55–15.10  Pause
15.10–15.30 Garden som ressurs, landbruk eller ikkje? ved Helene Medhus Skedsmo og Rune Lian, Statsforvaltaren  
 

Næringsutvikling 

15.30–15.45  Korleis kan landbrukskontora mobilisere til næringsutvikling» ved Eli Munkeby Serigstad, Statsforvaltaren
15.45–16.00  Motivasjon og Mjølkesafari ved Svein Olav Tengesdal, Bjerkreim kommune
16.00–16.30  Pause med noko å bite i og tid for å hente klede
16.30  Vi går til Klostergarden med gardsutsal ved Inger Lise  og Anders Schanke Rettedal, dei møter oss på hotellet.
19.00 Middag.
   

Dag 2. To alternativ for synfaring

Deltakarane kan velje mellom to ulike turar. 
 

Tur i Stavanger og Randaberg

08.15 Avreise frå Utstein kloster hotell. Vi køyrer i privatbilar og minibuss. Nokre bilar blir parkert på Sokn. 
08.50–10.15 Til Eltervåg på Rennesøy; Målretta skjøtsel av kystlynghei og beite i UKL område ved Morten Ringdal og grunneigarar Ole Austbø og Haakon Vidar Austbø.  
Tema: Drifta, skjøtsel, historikken, brenning, planar vidare osv.  
10.30–11.45  Hanasand gartneri på Rennesøy; Berekraft i gartnarnæringa ved Stig Jakob Hanasand, Hanasand Gård og Kjøkken AS. Tema: Avrenning og resirkulering av gjødsel, energitiltak, tankar om biogass, ulike tomatsorter og produksjon av økologisk tomat og agurk)
12.00–13.00 Sjøberg ferie; Lunsj og info om bruk av lokale råvarer  ved Kai Mikal Risa
13.30–15.00

Kolbjørn Anda på Randaberg; Drift og jordhelse hos økobonden.
Tema: Økologisk mjølkeproduksjon, leverer mjølk til Stavanger ysteri, utnytting av husdyrgjødsla, fermentering av husdyrgjødsla for å betre jordlivet, bruk av slangespreiar, jordkultur/jordstruktur, vannutfordring, utnytting av beite/ skiftebeiting, karbonbinding). Minibussenn

 

Tur i Sola og Sandnes

8.10 Avreise frå hotellet
8.45 Vi parkerer bilane ved Mega i Sola sentrum, turen vidare går med buss
9.00–10.00 Besøk hos Arnstein Røyneberg, Sola; Storbonden på Røyneberg. Tema: Stordrift, mjølkerobot, lausdrift, landbruksdrift i utbyggingsområde, må kjøyre omveg med traktor grunna motorveg, arealpress og gjødselprisar)
10.20–11.20  Besøk på Dysjaland gard; Inn på Tunet ved Magrete Dysjaland. Tema: Korleis er samarbeidet ordna mellom Sola kommune og tilbodet om Inn På Tunet.Kven får tilbodet gjennom kommunen? Planane vidare?
11.45–12.45  Lunsj på Kronen Gaard
13.00–13.45 Vi ser på biokullanlegget på Vatne; Informasjon om biokullprosjektet til Sandnes kommune ved Arne Jørgensen
14.00–15.00 Besøk hos Torhild Østrått på Vatne; Andelslandbruk. Tema: Andelslandbruk, intensiv grønsaksproduksjon, bier, ammekyr, press på areala frå utbygging)
15.30  Tilbake i Sola sentrum og busshaldeplassen der bilane står parkert. Ved behov går bussen vidare til Stavanger 

 

 

 

 

 

 

 

        

         

Dato:
8. juni 2022 08:00 - 9. juni 2022 15:00
Stad:
Utstein kloster hotell, Mosterøyveien 661, Mosterøy
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland, landbruksavdelinga
Målgruppe:
Landbruksforvaltninga i Rogaland
Påmeldingsfrist:
16. mai 2022 00:00