Fagsamling for kommunal landbruksforvaltning i Rogaland
- Dato:
- 17. november 2021 09:30 - 15:30
- Stad:
- Clarion hotell Energy, Stavanger
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland, landbruksavdelinga
- Målgruppe:
- Landbruksforvaltning i Rogaland
Statsforvaltaren inviterer tilsette i landbruksforvaltninga i kommunane til fagsamling 17. november 2021 på Clarion hotel Energy i Stavanger.
Vi set stor pris på at vi no kan invitere til ei fysisk samling. På programmet står ulike forvaltningstema innan både jord- og skogbruk. Vi startar dagen med enkel servering frå kl. 09.00. Sjølve programmet startar kl. 09.30, og vi avsluttar kl. 15.30. Det vil bli fagleg påfyll med innlegg og dialog.
Tema for dagen
Aktuelle tema for dagen er mellom anna :
- Spørjeundersøkinga om areal og eigedom
- Produksjonstilskot – mellom anna om endring i forskrifta § 4
- System for internkontroll – er vi der vi bør vere
- Klimarettleiar
- Skog
Program ligg som lenke
Kom gjerne med innspel
Vi ønskjer å engasjere kommunane, så har de ei god sak å presentere eller ønskjer å diskutere, så finn vi gjerne ei opning i programmet. Send melding til Bente Espedal Halvorsen på e-post fmrobeh@statsforvalteren.no innan 18.oktober.
Kostnad
Deltakaravgifta er sett til kr 500, og blir fakturert på grunnlag av påmelding.
Påmelding
Påmeldinga er bindande. Bruk påmeldingsskjemaet under for å melde deg på samlinga. Etter at påmeldinga er sendt, skal du få ein e-post som stadfestar at du er meldt på. Ta kontakt dersom du ikkje får ein slik e-post.
Frist for å melde seg på er onsdag 3. november
Vi ser fram til å treffast på årets fagsamling!
NB! Felt med * må fyllast ut.
- Dato:
- 17. november 2021 09:30 - 15:30
- Stad:
- Clarion hotell Energy, Stavanger
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland, landbruksavdelinga
- Målgruppe:
- Landbruksforvaltning i Rogaland