Digitalt AR5 feltkurs
- Dato:
- 15. juni 2021 12:00 - 15:00
- Stad:
- Digitalt
- Arrangør:
- NIBIO
- Målgruppe:
- Tilsette i kommunane
- Påmeldingsfrist:
- 8. juni 2021 23:00
NIBIO inviterer kommunane i Rogaland og Agder til digitalt AR5 feltkurs tysdag 15. juni kl 12–15.
Kurset tek for seg klassifisering av AR5 i felt, og deltakarane må frå før vere kjente med AR5 klassifikasjonssystem.
For dei som treng oppfrisking, er opptak av webinar frå i fjor om klassifisering av jordbruksareal i felt tilgjengeleg på nettsida AR5 feltkurs. Der vil det også bli lagt ut ein «AR5 teoriprøve», slik at deltakane kan teste forkunnskapane sine før kurset.
Send inn bilde
Ein del av kurset blir basert på innsende bilde. NIBIO oppfordrar deltakarane til å sende inn bilde frå område dei ønsker å få vurdert. Husk å oppgje kvar bildet er tatt (gnr/bnr).
Frist for innsending av bilde er 8. juni. Send dei på e-post til kjetil.fadnes@nibio.no.
Program
12.00–12.10: Velkommen, introduksjon til gruppeoppgåver
12.10–12.50: Gruppeoppgåver, levere svar
12.50–13.00: Beinstrekk I
13.00–13.50: Gjennomgang av gruppeoppgåver i plenum
13.50–14.00: Beinstrekk II
14.00–14.50: Drøfting av klassifisering basert på innsendte bilder, inkl forslag til manus
14.50–15.00: Oppsummering og avslutning
Påmeldingsfrist: 8. juni
Lenke til arrangementet blir sendt ut til påmeldte nokre dagar i forkant.
- Dato:
- 15. juni 2021 12:00 - 15:00
- Stad:
- Digitalt
- Arrangør:
- NIBIO
- Målgruppe:
- Tilsette i kommunane
- Påmeldingsfrist:
- 8. juni 2021 23:00