Teamsmøte – Barneperspektivet i Nav
- Dato:
- 10. mars 2021 08:45 - 11:30
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Målgruppe:
- Tilsette i Nav som følgjer opp brukarar som har barn
- Påmeldingsfrist:
- 8. mars 2021 23:00
Korleis kan Nav arbeide for å betre situasjonen for utsette barn og unge? Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid er nøkkelomgrep når ein snakkar om arbeidet med risikoutsette barn og unge.
Forsking omkring fråfall i vidaregåande skule og arbeidslivet viser at fråfall må sjåast i lys av dei erfaringane dei unge har med seg gjennom livet frå grunnskule og oppvekst. Nav er i kontakt med foreldre i krevjande livssituasjonar. Korleis kan Nav arbeide for å betre situasjonen til desse barna?
På dette webinaret vil du få eit innblikk i korleis Elisabeth Nordhus Lied, med bakgrunn i eigne opplevingar og sin lange erfaring med arbeid med barn og unge som har det vanskeleg, meiner Nav tilsette bør vere oppmerksomme på i sitt arbeid ved Nav-kontoret.
I tillegg vil ein i dette webinaret ha fokus på den nasjonale faglege retningslinjen om tidleg oppdaging av utsette barn og unge https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/tidlig-oppdagelse-av-utsatte-barn-og-unge
Vi skal få høyre erfaringar frå Nav Gjesdal/Gjesdal kommune om korleis dei bruker retningslinjen i sitt arbeid.
Det er ingen deltakeravgift.
Det vil bli sendt ut lenke for å følge strømmingen på e-post til deltakerne i forkant av webinaret.
- Dato:
- 10. mars 2021 08:45 - 11:30
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Målgruppe:
- Tilsette i Nav som følgjer opp brukarar som har barn
- Påmeldingsfrist:
- 8. mars 2021 23:00