Nyttig nettside om kommunereforma og innbyggjarinvolvering

Måndag 2. mars blei nettstaden MinNyeKommune.no lansert, eit resultat av godt samarbeid mellom kommunane Time, Gjesdal, Hå, Klepp, Randaberg, Sandnes, Sola og Stavanger. Målet er at nettstaden skal gi oppdatert informasjon til innbyggjarane i desse kommunane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.03.2015

Nettstaden skal og vere ein stad der du kan få svar på spørsmål, og ein arena for å kunne kome med innspel og synspunkt.

Fylkesmannen har ved fleire høve peika på at ein viktig suksessfaktor i arbeidet med kommunereforma er god informasjon til innbyggjarane, i tillegg til openheit om alt som skjer i prosessen. Denne nettsida er eit godt døme på korleis dette kan gjerast. Dei involverte kommunane har elles sett saman ei eiga gruppe som skal arbeide med involvering av innbyggarane, leia av ordførar Frode Fjeldsbø i Gjesdal.

Nettstaden vil vere eit godt verktøy for dei aktuelle kommunane, og kan også gi nyttige tips til andre kommunar som nå står føre arbeidet med innbyggjarinvolvering.

Her er lenke til nettsida.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar