Kommunereforma: Oppdatert status i Rogaland
Fleire kommunar har vore i uformelle samtalar med nabokommunar om ulike modellar for ny kommunestruktur. Og det har etter kvart blitt ein del konkretiseringar av alternativa som skal greiast ut vidare. Fylkesmannen har oppdatert statusen for kommunereform-arbeidet i Rogaland per juni 2015.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Mange kommunar har hatt oppe kommunereforma til behandling i kommunestyret nå i juni, og det er slik sett på sin plass med ei ny oppdatering av status.
Meir konkretisering av alternativ
Fleire kommunar har vedteke konkrete alternativ for vidare utgreiing og naboprat. Haugesund, Karmøy, Sveio og Tysvær skal starte eit felles utgreiingsarbeid. Vindafjord, Sauda og Suldal har peika seg ut som eit alternativ på indre Haugalandet, og Etne i Hordaland har invitert seg med her. Éin ny kommune i Dalane er framleis eit alternativ, samstundes ønskjer Bjerkreim ein prat med Gjesdal. Dei åtte kommunane som samarbeider gjennom Jærrådet skal legge fram rapporten frå utgreiinga i kommunestyra i september, og skal samstundes konkretisere alternativa for vidare naboprat.
Forsand trer ut av samarbeidet om ny kommune
Forsand, Strand og Hjelmeland har lenge hatt konkrete planar om ein ny kommune. Men 17. juni vedtok kommunestyret i Forsand å avslutte denne prosessen. Hjelmeland og Strand har bestemt seg for å gå vidare.
Involvering
I tillegg til utgreiingsarbeid, har fleire kommunar gjennomført og planlagt arbeid med involvering av tilsette, innbyggarar og andre aktuelle målgrupper. Ungdomsverkstaden som blei arrangert i Sandnes i mai er eit godt døme på dette. Opne prosessar og brei involvering vil vere avgjerande i arbeidet med kommunereforma.
Du finn den oppdaterte statusen for reformarbeidet i kommunane i høgremargen, men du finn også informasjonen i kartløysinga vår.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13