Informasjon er viktig i arbeidet med kommunereforma

Fylkesmannen vil etablere ei ressursgruppe for å sikre informasjon og kunnskapsdeling mellom kommunar og regionalt nivå, og det er nå invitert til første møte i gruppa.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.12.2014

Vi har registrert at mange kommunar i Rogaland no er aktive i arbeidet med kommunereforma. Som eit ledd i vårt arbeid med å koordinere arbeidet med reforma, har vi invitert til møte i ei regional ressursgruppe. Det er mange aktørar og interessegrupper som er aktuelle i denne gruppa, og det er særleg viktig med deltaking frå regionråda. Av invitasjonen går det fram at det kan vere aktuelt å invitere andre aktørar ved behov.

Det er laga eit utkast til mandat for gruppa, og dette blir drøfta på det første møtet som blir den 20. januar 2015.

Invitasjonsbrevet og utkast til mandat finn du i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Dokument