Ny kartløysing: Kva er status i kommunane?
Arbeidet med kommunereforma er godt i gang i dei fleste kommunane i Rogaland. Men kva er eigentleg status? Det kan du enkelt finna ut ved å trykka på kartet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 26.03.2015
Fylkesmannen i Rogaland har laga ei kartløysing som gjer at informasjonen om kvar kommune er raskt tilgjengeleg. Det einaste du treng å gjera er å trykka på lenka til kartet og velja den kommunen du ønskjer å lesa meir om.
Ikkje hogd i stein
- Informasjonen blir oppdatert, og det skal gå fram av teksten når oppdateringa er gjort, seier prosessrettleiar hos Fylkesmannen i Rogaland, Anfinn Rosnes.
Kartløysing finn du her. Lenke er også lagt til i høgremargen.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13