- Tida er inne for politiske initiativ
Det skriv statsråd Jan Tore Sanner i eit nytt brev til alle kommunestyra i landet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I brevet frå statsråd Sanner blir det framheva den viktige rolla kommunen har når det gjeld å gi gode tenester til innbyggarane, og til å utvikle attraktive lokalsamfunn. Det blir også vist til dei ulike verktøya og økonomiske støtteordningane som departementet tilbyr.
Oppdrag frå Stortinget
I brevet blir det også framheva at det er brei semje i Stortinget om måla med reforma, og at det er behov for endringar i kommunestrukturen dersom vi skal nå dei nasjonale velferdsmåla.
Fristen står fast
Kommunane har frist til 1. juli 2016 med å gjera endelege vedtak. Denne datoen ligg fast. Standpunkta kommunane tar skal vurderast opp mot måla med reforma, dette gjeld også dei kommunane som vedtek å ikkje gjere endringar i strukturen.
Fylkesmannen har ei viktig rolle
Fylkesmannen bidrar gjerne med råd i prosessen fram mot endeleg vedtak i kommunen. Hausten 2016 skal vi vurdere om kommunale vedtak er i tråd med måla for reforma.
Du finn pressemelding og brevet på Kommunal- og moderniseringsdepartementet si nettside.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13