Statsforvaltaren i Rogaland løyver 2,2 millionar kroner til ungdomsteam på Nord-Jæren

Teamet er eit interkommunalt oppsøkande ungdomsteam som skal dekka kommunane Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg.

Publisert 04.12.2024

Teamet skal jobba for å førebyggja rusmisbruk og kriminalitet blant unge, og skal vera eit supplement til dei eksisterande tenestene i kommunane.

Skal vera der det er behov

Ungdomsteamet skal ha arbeidsstad på sentrale møteplassar som Byterminalen i Stavanger, Ruten i Sandnes og kjøpesenteret Kvadrat. Dei skal også kunne setjast inn i andre prioriterte område ved behov.

Positivt med samarbeid på tvers av kommunegrensene

Statsforvaltaren meiner det er svært positivt at dei fire kommunane på Nord-Jæren ønsker å gå saman om eit konkret prosjekt for hjelpa ungdom som har omfattande hjelpebehov – og samtidig står bak alvorleg kriminalitet. Dei 2,2 millionane me tildeler nå, er for å få prosjektet i gang, fortel statsforvaltar Bent Høie:

– Me registrerer at dette er godt forankra hos ordførarane i kommunane, og inkluderer også samarbeid med politiet, helsetenestene, barnevernet og skulane. Dette er årsaka til at prosjektet nå får tildelt skjønsmidlar for å starta opp. Samtidig oppfordrar me kommunane til å søka midlar frå Statsforvaltaren, på rusfeltet, for å vidareføra prosjektet, seier Høie.

Ekstraløyving til totalt fem kommunar

Statsforvaltaren i Rogaland skal alltid halda tilbake delar av skjønsmidlane til fordeling gjennom året. Prosjektet på Nord-Jæren har fått midlar frå Statsforvaltaren i Rogalands restskjøn i 2024. Fire andre kommunar er også tildelte midlar frå denne potten nå:

Gjesdal: 45 000 (kostnader knytt til ispropp i Figgjoelva og ras i Byrkjedal).

Randaberg: 1 695 000 (til del to av Bærekraftsfylket Rogaland, koordinert av Rogaland fylkeskommune.

Strand: 250 000 (reparasjon av gammal bru).

Karmøy: 210 000 (kostnader med transport av elevar etter vasskade på Ferkingstad skole).

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.