Samla sett har kommunane i Rogaland framleis ein god økonomi
Førebelse KOSTRA-tal for 2020 syner at kommunane i Rogaland samla hadde eit netto driftsresultat i 2020 på 3,8 % av brutto driftsinntekter, mot 2,4 % for landet utan Oslo. For Rogaland er dette lågare enn for 2019, men for fleire enkeltkommunar er netto driftsresultat betydeleg høgare enn i fjor. Dei økonomiske nøkkeltala viser at dei fleste kommunane i Rogaland har klart seg greitt økonomisk gjennom koronaåret 2020.
Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter er framleis lågare for Rogaland samla enn for landet utan Oslo. Disposisjonsfond i prosent av brutto driftsinntekter har falle litt samanlikna med i fjor, men er høgare enn for landet utan Oslo. Dette syner at kommunane i Rogaland samla sett har ein god økonomi ved inngangen til året, og at dei har handlefridom og reservar i møte med framleis krevjande tider.
Det er nytta konserntal, det betyr at både tal frå kommunale føretak (KF) og interkommunale selskap (IKS) er med. Dette gjer det mogleg å samanlikna tala uavhengig av korleis kommunen er organisert.
Netto driftsresultat
Netto driftsresultat er eit uttrykk for den handlefridomen som kommunane har. Eit positivt driftsresultat over tid gjer ein berekraftig kommuneøkonomi med middel til disposisjon til investeringar og til reservar.
Høgast netto driftsresultat i 2020 hadde Utsira, Hjelmeland og Tysvær, medan Bokn og Randaberg hadde dei svakaste driftsresultata. Berre ein kommune hadde negativt driftsresultat i 2020, og heile 19 kommunar hadde netto driftsresultat over TBU si generelle tilråding på minimum 1,75 %. 14 av kommunane hadde høgare netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter for 2020 enn for 2019.
Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter i 2019 og 2020 går fram av tabellen nedanfor:
Kommune |
2019 |
2020 |
Landet utan Oslo |
1,5 |
2,4 |
Rogaland |
4,3 |
3,8 |
Bjerkreim |
-0,4 |
5,6 |
Bokn |
8,2 |
0,9 |
Eigersund |
1,8 |
4,1 |
Gjesdal |
1,3 |
1,6 |
Haugesund |
5,0 |
2,1 |
Hjelmeland |
3,1 |
7,9 |
Hå |
3,0 |
6,2 |
Karmøy |
4,3 |
4,1 |
Klepp |
3,8 |
4,9 |
Kvitsøy |
0,8 |
3,7 |
Lund |
-1,9 |
2,8 |
Randaberg |
0,0 |
-0,3 |
Sandnes |
0,5 |
2,6 |
Sauda |
4,6 |
3,7 |
Sokndal |
3,7 |
3,9 |
Sola |
5,3 |
4,1 |
Stavanger |
7,8 |
4,4 |
Strand |
0,4 |
2,2 |
Suldal |
9,9 |
5,6 |
Time |
1,7 |
1,7 |
Tysvær |
5,4 |
6,5 |
Utsira |
6,8 |
9,1 |
Vindafjord |
1,7 |
5,8 |
Netto lånegjeld
Førebelse tal for netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter er for 2020 noko høgare enn for 2019, med 81,3 % for Rogaland og 94,5 % for landet utan Oslo. Fire kommunar har netto lånegjeld over 100 %. Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter for 2019 og 2020 går fram av tabellen nedanfor:
Kommune |
2019 |
2020 |
Landet utan Oslo |
91,2 |
94,5 |
Rogaland |
79,7 |
81,3 |
Bjerkreim |
42,7 |
37,9 |
Bokn |
126,9 |
107,7 |
Eigersund |
77,8 |
92,7 |
Gjesdal |
101,2 |
101,5 |
Haugesund |
70,9 |
63,0 |
Hjelmeland |
72,7 |
71,6 |
Hå |
85,5 |
84,0 |
Karmøy |
62,3 |
57,8 |
Klepp |
61,0 |
68,1 |
Kvitsøy |
55,3 |
51,9 |
Lund |
74,9 |
72,5 |
Randaberg |
124,5 |
124,0 |
Sandnes |
94,9 |
95,5 |
Sauda |
81,3 |
82,1 |
Sokndal |
78,1 |
62,4 |
Sola |
91,8 |
90,5 |
Stavanger |
73,3 |
78,6 |
Strand |
92,3 |
107,4 |
Suldal |
37,8 |
33,9 |
Time |
91,4 |
95,6 |
Tysvær |
91,4 |
97,6 |
Utsira |
60,5 |
59,9 |
Vindafjord |
63,2 |
59,2 |
Disposisjonsfond
Disposisjonsfond i prosent av brutto driftsinntekter er for fylket lågare enn i fjor, frå 14,9 % til 13,6 %. Dette er høgare enn for landet utan Oslo. Sjå tabell under. Disposisjonsfond er ein oppspart reserve som kommunestyrane kan nytte fritt til både drift og investering, med unntak av disposisjonsfond knytt til IKS'er.
Kommune |
2019 |
2020 |
Landet utan Oslo |
11,0 |
11,8 |
Rogaland |
14,9 |
13,6 |
Bjerkreim |
11,2 |
12,7 |
Bokn |
27,6 |
25,9 |
Eigersund |
15,1 |
19,1 |
Gjesdal |
9,8 |
9,9 |
Haugesund |
8,3 |
8,9 |
Hjelmeland |
10,7 |
18,6 |
Hå |
15,9 |
17,3 |
Karmøy |
12,7 |
13,3 |
Klepp |
10,7 |
15,1 |
Kvitsøy |
28,5 |
30,5 |
Lund |
3,9 |
6,2 |
Randaberg |
7,6 |
6,1 |
Sandnes |
13,9 |
12,5 |
Sauda |
11,8 |
17,0 |
Sokndal |
16,4 |
20,3 |
Sola |
11,0 |
11,3 |
Stavanger |
19,8 |
13,6 |
Strand |
11,7 |
12,2 |
Suldal |
32,7 |
33,4 |
Time |
5,1 |
6,6 |
Tysvær |
21,5 |
24,3 |
Utsira |
15,9 |
22,5 |
Vindafjord |
9,9 |
18,3 |
Viktig å prioritere rapportering til KOSTRA
Tala over er førebelse tal for 2020. Kommunane skal i desse dagar gjere ei kvalitetssikring tala i KOSTRA og revidere tala innan 15. april 2021 til SSB.
Rapporteringa for 2020 gir oss eit godt bilete av kommuneøkonomien under koronapandemien. Derfor er det ekstra viktig no at kommunane gjer ei kvalitetssikring av egne tal og rapporterer inn det dei finn av feil.
Dei førebelse tala viser at kommunane i Rogaland har greidd seg godt økonomisk gjennom pandemien i 2020, betre enn ein frykta for eitt år sidan. Dette stemmer overeins med funna i Sluttrapport for 2020 om økonomiske konsekvensar av covid-19-situasjonen for kommunesektoren, som viser at kommunesektoren i stor grad er kompensert for sine koronarelaterte meirkostnader i 2020. Dette gjeld kommunesektoren som heilskap, og det kan derfor vere enkeltkommunar som ikkje er tilstrekkeleg kompenserte. 2021 kan òg utvikle seg annleis enn 2020, når kommunane skal ta tak i oppgåver som vart utsette frå 2020. Statsforvaltaren vil derfor fortsette å ha dialog med kommunane om den økonomiske situasjonen og utviklinga.
Kontaktpersonar
-
Kristine Enger
Tlf: 51 56 88 28 / 95 78 56 87