Svekka økonomisk resultat i kommunane i 2014
Driftsresultata i kommunane i fylket var ein god del svakare enn året før, og svakare enn landet. Dette viser førebels KOSTRA-tal for 2014
Førebels KOSTRA-tal for kommunal økonomi og tenesteproduksjon for 2014 blei publisert av Statistisk sentralbyrå 16. mars.
Netto driftsresultat, som er eit uttrykk for den økonomiske handlefridomen, utgjer berre 0,7 % av driftsinntektene, mot 2,6 % for 2013 og 2,8 % for 2012. For landet utanom Oslo utgjorde driftsresultatet 1,1 % i fjor mot 2,4 % i 2013 og 2,6 % i 2012. I motsetning til tidlegare år har Rogaland dårlegare resultat enn landet, men dårleg resultat i Stavanger kan åleine forklara avviket.
Mykje av forklaringa i det generelt låge nivået kan liggja i at momskompensasjon for investeringar frå og med 2014 ikkje lenger skal førast i driftsrekneskapen. Vidare var det svikt i skatteinntektene.
Berre 5 kommunar hadde betre resultat enn i 2013. Best resultat hadde Suldal, svakast Utsira. Nedanfor er kommunane rangert etter driftsresultat i 2014.
Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter
2014 |
2013 |
2012 |
|
Suldal |
8,4 |
5,1 |
2,9 |
Hå |
5,8 |
7,1 |
8,1 |
Kvitsøy |
5,8 |
2,5 |
3,0 |
Tysvær |
3,5 |
4,6 |
3,1 |
Bokn |
3,3 |
3,9 |
3,2 |
Gjesdal |
3,0 |
3,6 |
5,0 |
Sauda |
3,0 |
1,2 |
0,2 |
Sola |
2,8 |
1,8 |
5,2 |
Sandnes |
2,6 |
3,8 |
2,9 |
Strand |
2,5 |
1,5 |
3,0 |
Bjerkreim |
1,8 |
3,7 |
2,9 |
Klepp |
1,4 |
2,1 |
1,6 |
Landet u. Oslo |
1,1 |
2,4 |
2,6 |
Forsand |
0,9 |
15,7 |
-1,4 |
Rennesøy |
0,9 |
4,9 |
2,0 |
Finnøy |
0,7 |
3,2 |
4,0 |
Vindafjord |
0,7 |
8,0 |
5,6 |
Rogaland |
0,7 |
2,6 |
2,8 |
Karmøy |
0,6 |
1,9 |
2,1 |
Eigersund |
0,3 |
1,2 |
2,0 |
Time |
0,1 |
2,3 |
0,4 |
Randaberg |
-0,3 |
2,1 |
2,6 |
Sokndal |
-0,8 |
3,0 |
1,4 |
Hjelmeland |
-0,8 |
3,0 |
-3,4 |
Stavanger |
-1,3 |
1,9 |
3,1 |
Haugesund |
-2,8 |
-0,6 |
0,0 |
Lund |
-3,0 |
3,0 |
1,2 |
Utsira |
-6,3 |
4,3 |
4,0 |
Merk at det ikkje er nytta konserntal her, dvs. at kommunale føretak og interkommunale selskap (IKS) ikkje er med.