Svakare økonomisk resultat i kommunane i 2013
Driftsresultata i kommunane i fylket var noko svakare enn året før, men litt betre enn landet. Dette viser førebels KOSTRA-tal for 2013.
Førebels KOSTRA-tal for kommunal økonomi og tenesteproduksjon for 2013 blei publisert av Statistisk sentralbyrå 17. mars. Alle kommunar i fylket har rapportert, medan det manglar data for 28 kommunar på landsbasis.
Netto driftsresultat, som er eit uttrykk for den økonomiske handlefridomen, utgjer 2,6 % av driftsinntektene mot 2,8 % for 2012 og 2,4 % for 2011. For landet utanom Oslo utgjorde driftsresultatet 2,4 % i 2013 mot 2,6 % i 2012, slik at kommunane i fylket samla ligg betre an enn landet i 2013. Iallfall noko av forklaringa kan liggja i at fylket hadde betre skatteutvikling enn landet i 2013 (meir om dette her).
12 kommunar av 26 hadde betre resultat enn 3 % som er rekna som eit krav til sunn kommuneøkonomi. 15 kommunar hadde betre resultat enn i 2012. Best resultat hadde Forsand, svakast Haugesund. Nedanfor er kommunane rangert etter driftsresultat i 2013.
Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter
|
2013 |
2012 |
Forsand |
15,7 |
-1,4 |
Vindafjord |
8,0 |
5,6 |
Hå |
7,1 |
8,1 |
Suldal |
5,6 |
2,9 |
Rennesøy |
4,9 |
2,0 |
Tysvær |
4,6 |
3,1 |
Utsira |
4,3 |
4,0 |
Bjerkreim |
3,9 |
2,9 |
Bokn |
3,9 |
3,2 |
Gjesdal |
3,5 |
5,0 |
Sandnes |
3,5 |
2,9 |
Finnøy |
3,2 |
4,0 |
Sokndal |
3,0 |
1,4 |
Lund |
3,0 |
1,2 |
Rogaland u. Stvgr. |
2,9 |
2,7 |
Rogaland |
2,6 |
2,8 |
Kvitsøy |
2,5 |
3,0 |
Time |
2,5 |
0,4 |
Hjelmeland |
2,5 |
-3,4 |
Landet u. Oslo |
2,4 |
2,6 |
Randaberg |
2,1 |
2,6 |
Klepp |
2,1 |
1,6 |
Stavanger |
2,1 |
3,1 |
Karmøy |
1,9 |
2,1 |
Sola |
1,8 |
5,2 |
Sauda |
1,2 |
0,2 |
Eigersund |
1,2 |
2,0 |
Strand |
1,1 |
3,0 |
Haugesund |
-0,6 |
0,0 |
Merk at det ikkje er nytta konserntal her, dvs at kommunale føretak og interkommunale selskap (IKS) ikkje er med.