Skjønstilskotet for 2014 - 2. tildeling
Det er fordelt 9,8 mill kr av skjønsramma for 2014 til 9 kommunar. Tildelinga gjeld i hovudsak kompensasjon for språkdeling i 7 kommunar og midlar til innovasjonsprosjekt i to kommunar.
Fordelinga er slik:
Kommune |
|
1000 kr |
|
Grunnlag |
1119 |
Hå |
400 |
|
innovasjon/fornying |
1120 |
Klepp |
3 800 |
|
språkdeling |
1121 |
Time |
400 |
|
innovasjon/fornying |
1121 |
Time |
200 |
|
språkdeling |
1122 |
Gjesdal |
700 |
|
” |
1124 |
Sola |
1 000 |
|
” |
1130 |
Strand |
1 400 |
|
” |
1142 |
Rennesøy |
200 |
|
” |
1144 |
Kvitsøy |
300 |
|
ressurskrevjande tenester |
1146 |
Tysvær |
1 400 |
|
språkdeling |
|
sum |
9 800 |
|
|
Bakgrunn for tildelinga:
1. Språkdeling.
Kommunane Klepp, Time, Gjesdal, Sola, Strand, Rennesøy og Tysvær får midlar sidan dei har meirutgifter til ekstragrupper som følgje av reglane om språkdeling. Prinsippa er dei same som tidlegare år, dvs at ein i hovudsak legg vekt på talet på slike ekstragrupper (rapportert i GSI). Vilkåret er at ein har språkdeling i alle utanom praktisk-estetiske eller liknande fag, jf Rundskriv 11/2005 frå Utdanningsdirektoratet.
2. Innovasjons- og fornyingsprosjekt
Hå kommune får kr 400 000 til utgreiing av felles legevakttelefon for Hå, Eigersund, Bjerkreim, Sokndal og eventuelt Ualand-området av Lund. Gjennom samarbeidet skal ein heva kvaliteten gjennom auka kompetanse og også auka effektiviteten.
Time kommune får kr 400 000 til eit gjennomføring av ein innovasjonsprosess med teoretisk opplæring av om lag 40 —50 personar og praktisk rettleia utarbeiding av 8 konkrete prosjekt. Målet er kvalitetsutvikling og auka effektivitet i tenestene.
3. For Kvitsøy gjeld tildelinga uføresette utgifter.
Det står etter dette att kr 6 352 000 av skjønsmidla for 2014. Dette skal i utgangspunktet gå til innovasjon og fornying, jf innovasjonsstrategien som blei lagt fram i aprili fjor. Det vil koma eiga melding om dette.