14 millionar kroner til utvikling og innovasjon i Rogaland

Rensepark - Randaberg
Eit av prosjekta som får skjønnstilskot er prosjektet «Innsjøinterne tiltak i Hålandsvatnet». Reinseparkar er i dag eitt av tiltaka som er etablert for å betra vasskvaliteten i Hålandsvatnet. Foto: Nono Dimby.

Statsforvaltaren i Rogaland har nå fordelt skjønnstilskot til 16 kommunale prosjekt som skal fremja utvikling og innovasjon i 2025.

Publisert 05.12.2024

Det kom inn til saman 36 søknader frå 16 kommunar, med fleire samarbeidskommunar. Statsforvaltaren har lagt dei tre satsingsområda våre til grunn for vurdering av søknadane: barn og unge, klimaomstilling og berekraftige velferdssamfunn.

Eigne retningslinjer frå Kommunal- og distriktsdepartementet ligg også til grunn, saman med ei vurdering av prosjektorganisering, grad av innovasjon, grad av samarbeid – og ikkje minst overføringsverdi til andre kommunar.

Statsforvaltarens ungdomspanel gav råd om prioriteringa mellom dei  søknadene som var spesielt retta mot barn og unge.

Desse prosjekta er tildelte skjønstilskot til utvikling og innovasjon i 2025

Prosjekta er sorterte etter kommune:

  • Gjesdal kommune får 1 500 000 kroner til prosjektet «Tidlig rekruttering til barnehageyrket». Prosjektet handlar om å tilsetta ungdommar i 10. klasse til å arbeida i kommunens barnehagar på ettermiddagane, noko som avlastar dei tilsette og gir ungdommane verdifull arbeidserfaring.
  • Haugesund kommune får 340 000 kroner til prosjektet «Pilot porteføljestyring». Prosjektet skal etablere porteføljestyring som verktøy for å sikre ei heilskapleg prioritering av utviklingsprosjekta på tvers av tenesteområda.
  • Hjelmeland kommune får 500 000 kroner til prosjektet «Pensjonist i Hjelmeland Naturlegvis». Prosjektet skal gjera eit eksisterande omsorgssenter om til eit attraktivt bumiljø for komande pensjonistar.
  • Hå kommune får 1 000 000 kroner til prosjektet «Digitalisering av tilsyn». Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt med kommunane Gjesdal, Time og Klepp. Målet er å utvikla eit system som samlar, strukturerer og lagrar data – og analyserer data for å bidra til meir kvalitet og effektivitet i risikovurderingar som grunnlag for tilsyn.
  • Karmøy kommune får 800 000 kroner til prosjektet «Kommunalt legemiddelteam». Prosjektet fekk også midlar i 2024. Prosjektet samarbeider med FHI og undersøker om eit legemiddelteam beståande av apotekteknikarar og farmasøytar kan nyttast til oppgåver rundt legemiddel som i dag blir gjort av skule- og barnehagelærarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, legar og helsefagarbeidarar.
  • Karmøy kommune får 2 000 000 kroner til prosjektet «Unntak fra kvalifikasjonsprinsippet». Det skal etablerast ei prosjektgruppe som skal identifisera aktuelle kandidatar for inkluderande rekruttering gjennom NAV sine system. Kommunen har som mål at 10 prosent av tilsettingane i prosjektperioden skal gjerast gjennom inkluderande rekruttering. Det er ein føresetnad at kommunen held seg innanfor gjeldande regelverk for offentlege tilsettingar.
  • Klepp kommune får 345 000 kroner til prosjektet «Robust klimaomstilling i landbruket». Prosjektet er eit samarbeid mellom 16 kommunar i fylket og skal heva kompetansen i landbruket, biogassbransjen, offentleg forvaltning og politikarar.
  • Lund kommune får 300 000 kroner til prosjektet «Veiledning i Dalane». Dette er eit samarbeidsprosjekt med Eigersund, Hå, Bjerkreim, Sokndal, Dalane utdanningssenter, UiS og Rogaland fylkeskommune.
  • Randaberg kommune får 700 000 kroner til prosjektet «Innsjøinterne tiltak i Hålandsvatnet», som er eit samarbeid med Stavanger, UiS, NORCE, NIVA, Jæren vannområde, Hålandsvatnet Grunneigarlag, Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland. Prosjektet skal etablera kunnskapsgrunnlaget og samla inn moglege løysingsforslag til innsjøinterne tiltak.
  • Sandnes kommune mottar 1 215 000 kroner til prosjektet «Fra vurdering til selvstendighet: En ny modell for tildeling av hjemmetjenester». Prosjektet skal utvikla ein ny modell for vurdering, tidleg innsats og tildeling av tenester til nye søkarar av heimetenester, inspirert av ein modell i Bergen kommune.
  • Sandnes kommune får 850 000 kroner til prosjektet «Klima- og naturkommunikasjon for å heve kunnskap og aksept i Sandnes kommune». Prosjektet skal gjennom effektivt og innovativt kommunikasjonsarbeid klara å auka kunnskapen om utfordringane knytt til klima og natur, både blant innbyggarane i kommunen og internt i eigen organisasjon.
  • Sola kommune får 500 000 kroner til prosjektet «Beredskapsteam, sykepleiere og fastleger i beredskap for kommunehelsetjenesten». Prosjektet skal oppretta ein dedikert funksjon for sjukepleiarar i beredskap, i samarbeid med Bjerkreim kommune.
  • Stavanger kommune mottar 500 000 kroner til prosjektet «Hjernevennlig skole». Prosjektet har som mål å auka kunnskapen om barnehjernen og hjelpa til med å legga opp skulekvardagen på ein måte som førebyggjer psykisk uhelse og aukar læringsmoglegheitene for barna.
  • Stavanger kommune får 850 000 kroner til prosjektet «Sammen på god vei – del 3». Prosjektet samarbeider med Klepp, Sola, Strand, SUS og USHT om å handtera korttidsopphald på sjukeheim.
  • Strand kommune mottar 1 100 000 kroner til prosjektet «SAMLEV – samlokalisering og tjenesteutvikling av oppvekst- og levekårstjenester». Prosjektet har som mål å vidareutvikla tiltak og samarbeida på nye måtar når fem verksemder frå kommunalområda levekår og opplæring blir samla i eit nytt bygg.
  • Tysvær kommune får 1 500 000 kroner til prosjektet «Systematisk fallforebygging for hjemmeboende eldre i Tysvær kommune». Prosjektet skal gjennom å etablera eit tverrfagleg fallteam betra kvaliteten i tenesta og forebygga fall, særleg fall med store skader.

Heile tildelingsbrevet finn du som vedlegg til denne nettsaka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.