Skjønstilskot til innovasjon og fornying 2019

Fylkesmannen vil med dette invitera kommunane til å søke om skjønsmidlar til gjennomføring av innovasjons- og fornyingsprosjekt for 2019. Søknadsfristen er 2. mai.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.02.2019

Om lag 7,6 mill. kr til innovasjonsprosjekt i 2019

Etter tildeling av ordinære skjønsmidlar og skjønstilskot til språkdeling står det att 7,6 mill. kr som i hovudsak er tiltenkte innovasjons- og fornyingsprosjekt, men som også kan bli brukt til restskjøn ved uventa hendingar. Kor mykje av dette som vil gå til innovasjon og fornying er avhengig av at det kjem inn mange nok gode søknader. Det vil også bli lagt opp til ein brei prosess der KS lokalt vil bli trekt inn i vurderinga av søknadene.

Kva er innovasjon?

Innovasjon er definert som prosessen med å utvikla nye idear og realisera dei slik at dei gir meirverdi for samfunnet. Kortversjonen er at det skal vera noko nytt for kommunen, det skal vera nyttig og det skal vera nyttiggjort.

Innovasjon kan vera kjend eller ny kunnskap kombinert på ein ny måte eller brukt i ein ny samanheng. For kommunane vil dette innebera at det kan vera innovasjon å kopiera gode løysingar frå andre kommunar eller i andre land – men at ein tek det i bruk på sin eigen måte i sin kommune. Dei kommunale oppgåvene femner over eit vidt spekter og dette gir høve til å finna løysingar på tvers av tradisjonelle fag- og sektorgrenser.

Vi viser elles til retningslinjene for skjønstildeling.

To tildelingsrundar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har gitt pålegg om at minst 5 % av den samla skjønsramma skal haldast tilbake til hausten 2019, dvs. 3,38 mill. kr. Det vil derfor bli fordelt 4,22 mill. kr til innovasjonsprosjekt i første omgang. Dersom restmidlane på 3,38 mill. kr ikkje blir nytta til uventa utgifter i løpet av året skal dei i det vesentlege skal gå til innovasjon. Fordelinga vil då skje i oktober.

Andre tilhøve

Generelt skal skjønstildelinga (hovudramma) ivareta spesielle lokale forhold, som kommunane ikkje kan påverka sjølv og som ikkje blir ivaretatt godt nok i inntektssystemet og gjennom andre faste tilskotsordningar. Dette kan vera tilhøve som er uføresette, mellombels eller meir langvarige. Ramma som nå er att på 7,6 mill. kr skal i utgangspunktet gå til innovasjons- og fornyingsprosjekt som nemnt ovanfor, men i særlege tilfelle kan også andre utgiftsbehov trekkjast inn.

 Korleis en søker om skjønsmidlar

Søknadsportalen skal brukast også i år. Det er viktig at det kjem klart fram kva som er målet, korleis gjennomføringa skal skje, framdriftsplan, kontaktperson, kostnader og finansiering.

Søknadsfristen er 2. mai.

Rapportering

For prosjekt som har fått støtte tidlegare, må ein gjera greie for framdrift og kva ein har oppnådd så langt. Prosjekt som er tildelt midlar gjennom den elektroniske søknadsportalen rapporterast via søknadsportalen innan 1. juni. For prosjekt som ikkje ligg inne i søknadsportalen, må ein rapportera gjennom vanleg post eller e-post om kva som er oppnådd.

Meir om søknadsportalen

Søk om rolle ved å gå til:

https://prosjektskjonn.fylkesmannen.no

Søkar i kommunar må nytta Idporten og må legge inn

  • Førenamn
  • Etternamn
  • E-postadresse
  • Telefonnummer
  • Rolle: Søker
  • Kommune (obligatorisk)

Førespurnad blir då sendt til saksbehandlar hos Fylkesmannen. Ta kontakt dersom det oppstår problem.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.