Vel 5 mill. kr til innovasjon og fornying i kommunane

Fylkesmannen har fordelt kr 5 050 000 av skjønsmidla for 2016 til kommunale innovasjons-og fornyingsprosjekt, etter søknader frå kommunane. 14 prosjekt er tildelt midlar, i 11 kommunar, men 20 kommunar er involvert i prosjekta.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.07.2016

Tildelinga gjeld følgjande kommunar og prosjekt:

Kommune

Prosjekt

 

Tilskot kr

 

Eigersund

Tilrettelegging   for FoU prosjekt "Sammen om en aktiv hverdag"

 

500 000

 

Sandnes

«VT-respons»

 

400 000

 

Stavanger

«Metodeutvikling   - innovasjonsfremmende innkjøp»

 

450 000

 

 

«Beboerlyst»

 

200 000

 

Haugesund

«Omstilling,   fornyelse og digitalisering»

 

200 000

 

Sokndal

«Digitalisering   av omsorgsetaten»

 

500 000

 

Klepp

«Frivillig   innsats- nye vegar å gå»

 

300 000

 
 

«Fornying   og forbetring innan demensområdet»

 

400 000

 

Time

«All   informasjon ein plass»

 

200 000

 

Gjesdal

«Framtidsretta   integrering og inkludering»

 

350 000

 

Sola

 Innovasjonskonferanse

 

50 000

 
 

«Forenkling,   forbedring og fornying i Sola kommune»

 

400 000

 

Suldal  

«Flyktningar   til Ryfylke»

 

700 000

 

Tysvær

 Velferdsteknologiprosjekt for Haugalandet

 

400 000

 

 

Sum

 

5 050 000

 

Dei som har fått skal også kunna finna tildelinga i den elektroniske søknadsportalen.

Samla søknadssum ligg på 15,5 mill. kr. Det har derfor vore nødvendig med ei streng prioritering av søknadene. Vi har rådført oss med KS lokalt om utveljinga av prosjekt sidan KS har omfattande arbeid på innovasjonsfeltet. Ein del av prosjekta det er søkt om har fått midlar via andre ordningar. Om bakgrunnen og omtale elles av denne ordninga viser vi til brev til kommunane av 17. mars 2016 og tidlegare artikkel.

Vi minner elles om at søknadsfrist for ordinært skjønnstilskot for 2017 er 31. august.

I fleire av  prosjekta er det ein kommune som søkjer på vegne av fleire. Tilskotet blir utbetalt til ein av kommunane, gjennom rammetilskotet. I denne omgang er desse prosjekta tildelt midlar.

Eigersund kommune får kr 500 000  saman med Karmøy kommune til vidareføring av FoU-prosjektet «Sammen om en aktiv hverdag». Diakonhjemmets Høgskole og forsknings-instituttet NOVA er samarbeidspartnarar og prosjektet skal auka kunnskapsnivået på feltet kvardagsrehabilitering.

Sandnes kommune får kr 400 000 til prosjektet «VT-respons». Prosjektet skal utgreia etablering av eit interkommunalt helsefagleg velferdsteknologisk responssenter saman med Stavanger.

Stavanger kommune får kr 450 000 til prosjektet «Metodeutvikling - innovasjonsfremmende innkjøp». Fokuset er her på innbyggjar/sluttbrukarinvolvering, opnare spesifikasjonar og leverandørdialog.

Stavanger  får også kr 200 000 til prosjektet «Beboerlyst» der ein skal leggja til rette for betre og meir engasjerande innbyggjarmedverknad, m.a. gjennom nye digitale verktøy. 

Haugesund  kommune får kr 200 000 til «Omstilling, fornyelse og digitalisering» med vekt på digitalisering av saksbehandling, informasjon og søknadsprosessar i plan- og byggesaker.

Sokndal kommune er tildelt kr 500 000 til «Digitalisering av omsorgsetaten». Ein skal her  fokusera primært på ein felles plattform for mottak av alarmar, e-låsar og integrasjon i journal for heile omsorgsetaten – både i heimebaserte tenester og i institusjon.

Klepp kommune er tildelt kr 300 000 til vidareføring av «Frivillig innsats», der ein skal utvikla tettare samarbeid mellom kommunen og frivillige innan helse og velferd.

Klepp får også kr 400 000 til «Fornying og forbetring innan demensområdet»  med vekt på tidleg innsats og tenesteutvikling gjennom samarbeid med dei demente og deira pårørande.

Time kommune får kr 200 000 til prosjektet «All informasjon ein plass» der ein skal utvikla ei nettløysing der innbyggjarane kan få  kommunal informasjon i eigen kalender.

Gjesdal  kommune er tildelt  kr 350 000 til «Framtidsretta integrering og inkludering» med vekt på utvikling av ein kompetansepakke i kulturforståing, deltaking i eit forskingsprosjekt om omsorg for traumatiserte flyktningbarn og kompetansekartlegging for innvandrarar. 

Sola  kommune får kr 50 000 til utvikling av den årlege innovasjonskonferansen kommunen er hovudarrangør for, vidare kr 400 000 til vidareføring av prosjektet «Forenkling, forbedring og fornying i Sola kommune». Det skal arbeidast med innovasjonskultur og –metodikk, i tillegg til konkrete problemstillingar.

Suldal kommune får kr 700 000 saman med Sauda, Hjelmeland, Strand og Forsand til prosjektet «Flyktningar til Ryfylke», der målet er raskare og betre integrering gjennom nye samarbeidsmodellar mellom kommunar, lokalsamfunn og næringsliv.

Tysvær  kommune er tildelt kr 400 000 til eit velferdsteknologiprosjekt for Haugalandet, eit samarbeid mellom  kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær, Utsira, Sveio, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Målet er at auka bruk av velferdsteknologi skal gjera det mogleg for brukarar å bu heime så lenge som råd, med god livskvalitet.

For å sikra overføringsverdien minner vi om at alle prosjekta skal vera godt
dokumenterte. Det er ein føresetnad at dei kommunar som har fått prosjektskjøn rapporterer innan tre månader etter avslutning av prosjektet om kva ein har oppnådd, kva erfaringar som er gjort og kva nytte eigen/eigne kommunar og andre kommunar kan ha av prosjektet. Føremålet med dette er å auka nytteverdien gjennom  spreiing av kunnskap. Rapportering skjer via søknadsportalen. Det kan også bli aktuelt å presentera prosjekta på seminar o.l.

Vi gjer elles merksam på at midla vil koma som del av rammeoverføringa, dvs. i ein av dei framtidige terminutbetalingane. Dette er såleis ikkje ei særskilt tilskotsordning. Dokumentasjon på utbetaling vil ein finna på KMD sine nettsider.

Det står att kr 2 250 000 av skjønstilskotet. Dette skal i første omgang vera disponibelt til uføresette hendingar (naturskade m.v.). Når dette er meir avklart til hausten, kan det m.a. vera aktuelt med tilleggsfinansiering av prosjekt som har fått midlar.

 

Kontaktpersonar:

Eigersund

 Eli Sævareid

Sandnes

 Mette Fossan-Bergem

Stavanger (1)

 Nils Henrik Haaland

        «       (2)

 Lene Klovning Jørpeland

Haugesund

 Jo Inge Hagland

Sokndal

 Anita Stene

Klepp

 Ragnhild Aanestad

Time

 Anja Gåsland

Gjesdal

 Karin Dokken Austvik

Sola

 Kai Hugo Holen

Suldal

 Geir Ims (Ryfylke IKS)

Tysvær

 Tor Leif Helgesen/ Sturle J Monstad (Haugaland   Vekst IKS)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.