Tildeling av midlar til kommunale innovasjons- og utviklingssprosjekt 2014
Fylkesmannen har fordelt kr 4,73 mill kr av skjønsmidla for 2014 til kommunale prosjekt for innovasjon og utvikling, etter søknader frå kommunane. 11 kommunar har fått midlar, 18 kommunar om ein reknar med samarbeidskommunar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Tildelinga gjeld følgjande kommunar og prosjekt:
Kommune |
Prosjekt |
Tilskot kr |
Saman med |
|
Eigersund |
Heltidskultur |
200 000 |
|
|
Velferdsteknologi |
300 000 |
|||
FoU-prosjektet «Sammen om en aktiv hverdag» |
350 000 |
Karmøy |
||
Sandnes |
Innovasjonsprosjekt |
400 000 |
||
Hå |
Demokrati og innbyggjarinvolvering |
400 000 |
||
Time |
Kvardagsrehabilitering/heimetrening |
300 000 |
||
Klepp |
Organisasjonsbygging for framtidsretta og berekraftige tenester |
200 000 |
||
Gjesdal |
Heltidskultur og helhet |
200 000 |
||
Sola |
Innovasjonskonferanse |
30 000 |
||
Innovasjon i Sola kommune |
400 000 |
|||
Strand |
Strand 2050 |
200 000 |
||
Utdanna innvandrarar til helsearbeidarar |
350 000 |
Hjelmeland, Forsand |
||
Vidareføring velferdsteknologi |
300 000 |
Hjelmeland, Forsand |
||
Suldal |
Interkommunalt helsesamarbeid |
400 000 |
Etne, Sauda, Vindafj. |
|
Rennesøy |
Metodeverkty for kompetanseanalyse |
300 000 |
Finnøy |
|
Fagsenter for tidleg innsats barn |
200 000 |
|||
Tysvær |
Tverrfagleg samhandling for barn og unge |
200 000 |
|
|
Sum |
4 730 000 |
Samla søknadssum ligg på over 12 mill. kr. Det har derfor vore nødvendig med ei streng prioritering av søknadene. Vi har rådført oss med KS lokalt om utveljinga av prosjekt sidan KS har omfattande arbeid på innovasjonsfeltet. Om bakgrunnen og omtale elles av denne ordninga viser vi til brev til kommunane av 18. februar 2014 og omtale på nettsidene.
Vi minner elles om at søknadsfrist for ordinært skjønnstilskot for 2015 er 29. august.
I fleire av prosjekta er det ein kommune som søkjer på vegne av fleire. Tilskotet blir utbetalt til ein av kommunane, gjennom rammetilskotet. Nedanfor følgjer ein kort omtale av prosjekta som får støtte.
Eigersund kommune får kr 200 000 til prosjektet «Heltidskultur i Eigersund kommune». Målet er å unngå uønska deltid, i første omgang i helse- og omsorg, og å trekkja på erfaringar her i dei andre avdelingane. Prosjektet er også eit ledd i utviklingsprogrammet «Saman om ein betre kommune» i regi av KMD.
Kommunen får også kr 300 000 til prosjektet «Velferdsteknologi». Prosjektet skal auka kompetansen innan feltet, etablera demonstrasjonsbustad og prøva ut ny tryggleiksteknologi.
Eigersund får vidare, saman med Karmøy kommune, kr 350 000 til FoU-prosjektet «Sammen om en aktiv hverdag». Diakonhjemmet Høgskole i Sandnes og forskningsinstituttet NOVA er samarbeidspartnarar og prosjektet skal auka kunnskapsnivået på feltet heimerehabilitering.
Sandnes kommune får kr 400 000 til eit innovasjonsprosjekt. Målet er å oppnå eit kompetanseløft på innovasjon og etablering av ein innovasjonskultur som skal bidra til betre tenester ut frå konkrete behov.
Hå kommune får kr 400 000 til demokrati og innbyggjarinvolvering. Prosjektet går ut på å testa ut ulike former for innbyggjarinvolvering, særleg utnytting av ny teknologi i dialogen mellom kommune og innbyggjar.
Time kommune er tildelt kr 300 000 til kvardagsrehabilitering / heimetrening i regi av eit tverrfagleg team og med sikte på iverksetjing i ordinær drift frå 2016.
Klepp kommune får kr 200 000 til prosjektet «Organisasjonsbygging for framtidsretta og berekraftige tenester». Ein ønskjer å finna meir effektive måtar å organisera og gi tenester på, samstundes som tenestene skal vera av høg kvalitet.
Gjesdal kommune får kr 200 000 til «Heltidskultur og helhet i Gjesdal kommune». Prosjektet skal utvikla heiltidskultur, auka innovasjonskompetansen og fremja samhandling på tvers i organisasjonen.
Sola kommune får kr 30 000 til utvikling av den årlege innovasjonskonferansen kommunen arrangerer saman med KS, vidare kr 400 000 til prosjektet «Innovasjon i Sola kommune» der målet er å finna nye løysingar på innbyggjarane sine behov, og skapa auka brukarverdi for innbyggjarane og Solasamfunnet.
Strand kommune er tildelt kr 200 000 til prosjektet «Strand2050» som skal vera ein prosess for val av langsiktige strategiar for utviklinga i kommunen, noko som særleg er aktualisert av nye samferdselsløysingar og vekstimpulsane dette gir.
Strand får også kr 350 000 saman med Forsand og Hjelmeland til eit prosjekt der målet er å utdanna innvandrarar til helsearbeidarar. Dette vil kunna betra rekrutteringa av helsefagarbeidarar og auka sysselsetjinga av innvandrarar.
Strand er vidare saman med Forsand og Hjelmeland tildelt kr 300 000 til vidareføring av eit prosjekt om velferdsteknologi. I samarbeid med ei gruppe brukarar skal ein testa ut tryggleikspakkar for å hausta erfaringar for eventuell innføring i full skala.
Suldal kommune, saman med kommunane Vindafjord, Etne og Sauda, får kr 400 000 til interkommunalt helsesamarbeid. Samarbeidet inneber m.a. interkommunal legevakt og avstandane gjer at det trengst avbøtande tiltak, m.a. innan telemedisin og velferdsteknologi, kompetanseoppbygging m.v.
Rennesøy kommune, saman med Finnøy, får kr 300 000 til prosjektet «Metodeverkty for kompetanseanalyse» med eit mål om å innføra, setja i verk og syta for etterleving av dette verktyet.
Rennesøy får vidare kr 200 000 til prosjektet «Fagsenter i Rennesøy kommune», der ein skal driva tverrfaglege tenester for barn med vekt på tidleg innsats, i ein prøveperiode på to år.
Tysvær kommune er tildelt kr 200 000 til «Tverrfagleg samhandling for barn og unge». Praksis for samhandling, internt og i høve til friviljuge lag og organisasjonar, skal systematiserast og dokumenterast, med utgangspunkt i den danske modellen «Bedre tverrfaglig innsats» (BTI).
For å sikra overføringsverdien minner vi om at alle prosjekta skal vera godt dokumenterte. Det er ein føresetnad at dei kommunar som har fått prosjektskjøn rapporterer innan tre månader etter avslutning av prosjektet om kva ein har oppnådd, kva erfaringar som er gjort og kva nytte eigen/eigne kommunar og andre kommunar kan ha av prosjektet. Føremålet med dette er å auka nytteverdien gjennom spreiing av kunnskap. Det kan også bli aktuelt å presentera prosjekta på seminar o.l.
Vi gjer elles merksam på at midla vil koma som del av rammeoverføringa, dvs. i ein av dei framtidige terminutbetalingane. Dette er såleis ikkje ei særskilt tilskotsordning. Dokumentasjon på utbetaling vil ein finna på KRD sine nettsider.
Samstundes med tildelinga av prosjektmidlar er Lund kommune tildelt kr 400 000 og Kvitsøy kr 200 000 på grunnlag av særlege utgiftsbehov.