Stønad til kommunale omstillingsprosjekt
Det er gitt 1,5 millionar etter søknad frå kommunane i Rogaland. Under ligg liste over tildelte prosjekt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Siste del av skjønsmidlane for 2007 er fordelt på prosjekt etter søknader frå kommunane. Det var til disposisjon ei ramme på 1,5 mill kr. Desse er tildelt kommunale prosjekt for omstilling og fornying, på følgjande måte:
Kommune | Prosjekt | Tilskot | Samarbeid med |
Sandnes | IKT-prosjektet "eJæren 24-7" | 800 000 | Gjesdal, Klepp, Time |
Stavanger | familievaldsprosjektet ved barnevernvakta | 350 000 | Sola, Randaberg, Rennesøy |
Time | samordna heimesider; gjera dei meir brukar-venlege | 150 000 | Stavanger, Sandnes, Sola, Randaberg |
Suldal | digitale kommuneplanar i Rogaland | 200 000 | Tysvær (for resten av kommunane) |
Sum | 1500000 |
Det kom inn søknader til i alt 17 prosjekt med samla søknadssum på kr 5 913 000. Det var med andre ord søkt om langt meir enn det vi i hadde til utdeling.
I alle prosjekta er det ein kommune som søkjer på vegne av fleire. Tilskotet blir utbetalt til ein av kommunane. Nedanfor følgjer ei kort omtale av prosjekta som får støtte.
Sandnes kommune
Kr 800 000 til IKT-prosjektet "eJæren 24- 7" . Prosjektet er eit samarbeid med kommunane, Klepp, Time og Gjesdal, Målet for prosjektet er at kvar kommune innan juli 2008 skal ha minst 15 elektroniske skjermdialogar (søknadsskjema) der ein kan søkja elektronisk på kommunen sine tenester. Alle blir tilgjengelege via kommunens nettportal og innbyggjarportalen "Mi side".
Stavanger kommune
Kr 350 000 til prosjekt "Familievold". Prosjektet er ei prøveordning der ein på ein betre måte vil sikra at barn som er ramma av vold, eller er vitne til vold, får tilbod om hjelp utover den akutte situasjonen. Prosjektet blir leia av Barnevernvakta, som er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Stavanger, Sola, Randaberg og Rennesøy. Barnevernsvakta held til på Stavanger Politistasjon. Prosjektet blei også støtta i 2006.
Time kommune
Kr 150 000 til å halda fram med arbeidet med samordning av nettsider og gjera dei meir brukarvenlege. Prosjektet er eit samarbeid med Sandnes, Stavanger, Sola og Randaberg..
Suldal kommune saman med Tysvær kommune
Kr 200 000 til prosjektet "Digitale kommuneplanar i Rogaland". Dette er eit fylkesdekkande prosjekt som skal syta for at digitale kommuneplanar følgjer SOSI-standarden for heile fylket.. Kommuneplanane skal publiserast for saksbehandlarar og publikum på internett. Alle kommunane vil dra nytte av dette.
Det er eit vilkår at alle prosjekta skal vera godt dokumenterte slik at overføringsverdien kan sikrast.