Skjønsmidlar til innovasjon og fornying i kommunane
Det skal også i år tildelast skjønsmidlar til gjennomføring av innovasjons- og fornyingsprosjekt i kommunane etter søknad.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Også i tidlegare år har det vore gitt midlar til slike føremål. Det nye dei siste par åra er sterkare vekt på innovasjon og at ramma er auka, i fjor blei det brukt 5,5 mill. kr til slike prosjekt.
Etter andre tildeling av skjønsmidlar, står det att 7,3 mill. kr som i hovudsak er tiltenkt dette føremålet, men som også kan bli brukt til restskjøn. Kor mykje av dette som vil gå til innovasjon og fornying er avhengig av at det kjem inn mange nok gode søknader. Det vil også bli lagt opp til ein brei prosess der KS lokalt vil bli trekt inn i vurderinga av søknadene. Bakgrunnen for innovasjonssatsinga er ikkje minst at den demografiske utviklinga, særleg veksten i talet på eldre, vil gi store utfordringar for mange kommunar. Også den auka tilstrøyminga av flyktningar til landet gir nye utfordringar til kommunane. Det er derfor viktig å finna nye gode løysingar.
Innovasjon er definert som prosessen med å utvikla nye idear og realisera dei slik at dei gir meirverdi for samfunnet. Kortversjonen er at det skal vera noko nytt for kommunen, det skal vera nyttig og det skal vera nyttiggjort.
Ein må bu seg på at det kan bli stramare tider for kommunane framover, også i Rogaland. Dette understrekar ytterlegare at innovasjon er viktig.
Innovasjon kan vera kjend eller ny kunnskap kombinert på ein ny måte eller brukt i ein ny samanheng. For kommunane vil dette innebera at det kan vera innovasjon å kopiera gode løysingar frå andre kommunar eller i andre land – men at ein tek det i bruk på sin eigen måte i sin kommune. Dei kommunale oppgåvene femner over eit vidt spekter og dette gir høve til å finna løysingar på tvers av tradisjonelle fag- og sektorgrenser.
Vi viser elles til utdrag frå retningslinjene for skjønstildeling nedanfor..
Sola kommune inviterer elles til Innovasjonskonferanse for kommunane i fylket 25. april.
Korleis ein søkjer om skjønsmidlar
Det er innført eit nytt elektronisk søknadssystem frå og med i år, jf. nedanfor.
Det er viktig at det kjem klart fram kva som er målet, korleis gjennomføringa skal skje, framdriftsplan, kontaktperson, kostnader og finansiering.
Søknadsfristen er 6. mai 2016.
For prosjekt som har fått støtte tidlegare, må ein gjera greie for framdrift og kva ein har oppnådd så langt.
For prosjekt som er avslutta i 2015 og tidlegare år og der ein ikkje har rapportert før, må ein rapportera gjennom vanleg post om kva som er oppnådd innan 15. april 2016.
Ny, elektronisk søknadsprosedyre
Søk om rolle
Gå til:
https://prosjektskjonn.fylkesmannen.no
Søkjar i kommunar må nytta Idporten og må leggja inn
• Førenamn
• Etternamn
• E-postadresse
• Telefonnummer
• Rolle – Søker
• Kommune (obligatorisk)
Førespurnad blir då sendt til saksbehandlar hos Fylkesmannen.
Ta kontakt dersom det oppstår problem.
Vedlegg
Utdrag frå ”Retningslinjer for skjønnstildelingen 2016” - Kommunal- og moderniserings-departementet
«3. Prosjektmidler
Fylkesmannen har mulighet til å gi en del av skjønnsrammen som støtte til fornyings- og innovasjonsprosjekter i kommunene. Formålet med prosjektmidlene er å gi kommunene støtte til å prøve ut nye løsninger på sine utfordringer. Midlene skal med andre ord fungere som risikoavlastning for kommunene for å kunne jobbe med fornying og innovasjon. Prosjektenes formål må være å styrke kommunen i rollene som tjenesteprodusent, myndighetsorgan, lokaldemokratisk arena eller som samfunnsutvikler. Prosjektene kan omfatte alle tjenesteområdene i kommunen.
Det skal ikke gis støtte til prosjekter som handler om utføring av kommunale driftsoppgaver, eller prosjekter som er en del av det ordinære kommunale utviklingsarbeidet.
For å få tildelt prosjektmidler må kommuner i søknaden kunne vise til en gjennomtenkt og realistisk prosjektplan. Kommunen må beskrive sine utfordringer godt, og kunne vise til klare målsetninger for hva de ønsker å oppnå med prosjektet. Kommunen må også begrunne valget av virkemidler/løsninger som skal testes ut i prosjektet.
Krav til fylkesmannens oppfølging av prosjekter
For å sikre overføringsverdi mellom kommunene og en bevisst pengebruk skal resultatene av prosjektene dokumenteres, og fylkesmannen skal gjøre en vurdering av prosjektene og hvilken overføringsverdi de har til andre kommuner.
Fylkesmannen skal videreformidle resultatene fra prosjektene til andre kommuner og stimulere til læring og erfaringsutveksling mellom kommunene og på tvers av fylkesmannsembetene, eksempelvis gjennom å bidra til at det finnes gode læringsarenaer. Fylkesmannen kan vurdere å bruke skjønnsmidler til, i samråd med kommunene, å evaluere prosjekter kommunene har gjennomført, for eksempel som grunnlag for erfaringsdeling.
Avgrensninger
Fylkesmannen skal ikke gi støtte til rene næringsutviklingsprosjekter da dette vil kunne overlappe med fylkeskommunens virkemidler og skape uklarhet om ansvarsfordelingen mellom fylkesmannen og fylkeskommunen. Med mindre det ikke foreligger en ekstraordinær situasjon, skal skjønnsmidlene ikke benyttes til å støtte interne strukturelle omorganiseringer av varig karakter. Alle søknader som må behandles etter forsøksloven skal oversendes departementet.»