Kunngjering av søknad om utsleppsløyve frå Lerang Asfalt AS
- Høyringsfrist:
- 21. august 2024 23:00
Lerang Asfalt AS søkjer Statsforvaltaren i Rogaland om løyve til oppstilling av mobilt asfaltverk i Sirevåg Hamn i Hå kommune. Søknaden gjeld og mellomlagring av asfaltgranulat.
Lerang Asfalt AS har søkt om driftskonsesjon for eit mobilt asfaltverk på eigedomen 90/97 i Sirevåg Havn, Hå kommune. Avstand til næraste bustad er oppgitt som ca. 320 m frå skorstein på asfaltverket og ca. 250 m frå tomtegrensa.
Asfaltverket vil bestå av råvarelager av steinmaterialar og tankar for bitumen, ein produksjonsdel, brovekt, laboratorium og verkstad. Gjennomsnittleg døgnproduksjon er opplyst å vera 700 tonn/døgn, medan maksimal lagringsmengde av returasfalt er på 1000 tonn.
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Merknader til søknaden kan du sende Statsforvaltaren i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger, eller til: sfropost@statsforvalteren.no.
Merk saka med referansenummer 2023/14856. Frist for å gje fråsegn er 21.08.2024.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal.
- Høyringsfrist:
- 21. august 2024 23:00