Endring av utsleppsløyve på lokalitet 12116 Ilsvåg Land, Vindafjord kommune

Høyringsfrist:
9. juli 2021

Ilsvåg Holding AS søker om endra løyve til utslepp frå produksjon av inntil 375 tonn smolt/år, tilsvarande 1,5 millionar fisk à 250 gram. Forureiningsmyndigheita kan etter forureiningslova § 11 endre løyvet etter søknad.

Publisert 11.06.2021

Nåverande løyve har ein produksjonsramme på 150 tonn, tilsvarande 1,5 millionar fisk à 100 gram, og blei sist endra i 2015.

Søker grunngjev søknaden med behov for å produsere større fisk, samt at resipienten er annleis no enn då løyvet sist blei endra. Mellom anna er utsleppsleidninga flytta lenger ut i sjø og sjølokalitet 12114 Torsnes og 12115 Ilsvåg lagt ned.

Uttale frå interesserte kan sendast til Statsforvaltaren i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller til sfropost@statsforvalteren.no innan 09.07.2021.

Sjå høyringsbrev og søknad med vedlegg i dokumentlenka til denne nettsaka.