Tiltak mot fattigdom

Oppdatert 20.12.2023

Det er ei samfunnsoppgåve å jobbe for at Noreg skal vere eit land med små skilnader og minimal fattigdom. Viktige tiltak for å redusere fattigdom er ein skule som utjamnar sosiale skilnader og eit ope arbeidsliv med plass til alle.

Det er menneske som står utanfor viktige sosiale arenaer på grunn av dårleg økonomi eller dårlege levekår. Regjeringa ønskjer å tette hola i sikkerheitsnettet for grupper som i dag fell igjennom.

Kommunane skal førebyggje sosiale problem og betre levekåra for vanskelegstilte ved å sikre meir likeverdige vilkår for barn som veks opp i fattige familiar. Gjennom tilbod om sosiale tenester, som råd, rettleiing, økonomisk sosialhjelp og kvalifiseringsprogram, skal kommunane arbeide for at den enkelte skal kunne klare seg sjølv.

Statsforvaltaren skal bidra til auka kompetanse i kommunane

Sosialtenestelova er samfunnets siste sikkerheitsnett og rettar seg mot dei vanskelegast stilte. Statsforvaltaren fører tilsyn med korleis kommunane praktiserer sosialtenestelova. Vi skal bidra til å auke kvaliteten på dei sosiale tenestene i kommunane, gjennom tiltak som aukar kompetansen og regelverksetterlevinga. Statsforvaltaren skal mellom anna bidra til at kommunane sikrar god tilgang til tenestene, gjer individuelle vurderingar i kvar enkelt sak og sikrar at barneperspektivet blir ivareteke. Vi driv også klagesaksbehandling.

Tilskot for å redusere fattigdom

I samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet forvaltar Statsforvaltaren tilskotsordningar som skal stimulere til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav-kontora. Alle kommunar kan søkje om tilskot. Statsforvaltaren og Arbeids- og velferdsdirektoratet vel ut kva kommunar som skal få tilskot. Ei viktig målsetjing med ordninga er å bidra til nytenking og utvikling av nye arbeidsmåtar som kan gje mindre fattigdom og hindre at grupper blir ståande utanfor sosiale arenaer.

 

Vis meir


Publisert 06.11.2018

Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn i låginnteksfamiliar (tidlegare «Nasjonal tilskuddsordning mot barnefattigdom») 2019

Målet med Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn i låginntektsfamiliar er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosial situasjon.


Publisert 08.11.2016

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom

Ordninga inngår i Barn som lever i fattigdom – regjeringa sin strategi (2015–2017) https://www.regjeringen.no/contentassets/ff601d1ab03d4f2dad1e86e706dc4fd3/barn-som-lever-i-fattigdom_q-1230-b.pdf

 

 


Publisert 01.11.2016

Statens pris for boligsosialt arbeid tildelt Sandnes kommune

Gratulerer, Sandnes kommune! Kommunen vann i dag Statens pris for boligsosialt arbeid 2016


Publisert 17.11.2015

Styrking av innsatsen mot barnefattigdom

Tilskotsordninga for å styrkje arbeidet mot barnefattigdom skal vidareførast i 2016.


Publisert 15.05.2015

Barn som lever i fattigdom

Regjeringen sitt mål med strategien er å skape moglegheiter for alle. Det sosiale sikkerhetsnettet skal styrkjast, slik at fleire blir lyfte opp og færre fell utanfor. I arbeidet med strategien har regjeringa fått hjelp av 68 barn i alderen 12-18 år, som har sagt si meining gjennom ei høyring i regi av Redd Barna. Ifølgje Barnekonvensjonens artikkel 12 har barn rett til å seie si meining og bli høyrd om sakar som angår dei.


Publisert 20.11.2014

Styrking av innsatsen mot barnefattigdom

Tilskotsordninga for å styrkje arbeidet mot barnefattigdom skal bidra til å førebygge og redusere fattigdom og sosial eksklusjon blant barn og unge gjennom å styrkje det sosiale og førebyggande arbeidet i kommunane. For 2015 har Fylkesmannen i samarbeid med Arbeids –og velferdsdirektoratet tildelt desse tilskota:


Publisert 10.07.2014

Etterlyser felles innsats

Riksrevisjonen si undersøking av  innsatsen overfor barn og unge i familier med låg inntekt  syner at : Mange kommunar gjer for lite for at barn og unge som veks opp i familiar med låg inntekt skal kunne delta sosialt. Innsatsen for å redusere konsekvensane av fattigdom blant barn og unge er ikkje godt nok koordinert. Behova til barna blir ikkje godt nok kartlagde når foreldra søkjer om sosialhjelp.


Publisert 27.06.2014

Tildeling av tilskot for 2014

Tilskotsordninga for å styrkje arbeidet mot barnefattigdom skal bidra til å førebyggje og redusere fattigdom og sosial eksklusjon blant barn og unge gjennom å styrkje det sosiale og førebyggjande arbeidet i kommunane. For 2014 har Fylkesmannen i samarbeid med Arbeids –og velferdsdirektoratet tildelt desse tilskota:  


Publisert 19.11.2012

Barnefattigdom - utlysing av midler

Tilskot for å styrkje arbeidet mot barnefattigdom er ein del av regjeringa sin handlingsplan mot fattigdom. Tilskotsordninga skal bidra til å auke kunnskapen om sosiale tenester og korleis regelverket i lov om sosiale tenester i Arbeids- og velferdsforvaltninga kan nyttast og bidra til å førebyggje og redusere fattigdom blant barn og unge.


Publisert 16.11.2012

Kunngjering av tilskot til bustadsosialt arbeid

Tilskot til bustadsosialt arbeid, kap 0621 post 63, er del av regjeringa sin handlingsplan mot fattigdom. Hovudmålet er å styrkje og utvikle dei ordinære tenestene i kommunane, slik at dei betre kan ta hand om behovet bustadlause og rusmiddelmisbrukarar har for oppfylging i bustad.