Ledige verv i Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern Rogaland
I Kontrollkommisjon for psykisk helsevern i Rogaland er det to ledige verv frå 1. januar 2025 til og med 31. desember 2028. Forlenget søknadsfrist til 10. oktober 2024.
Følgjande verv er ledige:
- legekyndig medlem (Kontrollkommisjon Nord-Rogaland)
- vara for lekmedlem (Kontrollkommisjon 1 Rogaland, Stavanger)
Statsforvaltaren oppnemner medlemmer til kontrollkommisjonane for psykisk helsevern. Det skal vere ein kontrollkommisjon ved kvar institusjon der nokon er under psykisk helsevern.
Hovudoppgåva til kontrollkommisjonen er å sikre rettstryggleiken til den enkelte i møtet med det psykiske helsevernet. Kommisjonen kontrollerer tvangsvedtak, behandlar klager og fører velferdskontroll. Kommisjonen har faste møte kvar 14 dag og heile arbeidsdagen går med.
Kommisjonen har fire faste medlemmer, kvar medlem har ein personleg varamedlem. Medlemmene vert oppnemnde for fire år, og kan reoppnemnast ein gong.
Som medlem i kontrollkommisjonen kan du ikkje arbeide i det psykiske helsevernet eller ha andre bindingar til helseføretaket eller institusjonen som høyrer inn under kontrollkommisjonen. Du må ha interesse for psykisk helsearbeid og psykisk helsevern og like å samarbeide.
Kvalifikasjonar
- Legekyndig medlem bør ha spesialitet i allmennmedisin. Det er òg ein fordel med lang praksis som allmennlege, gjerne erfaring frå kommunehelsetenesta, til dømes som fastlege. Ei brei samfunnsmedisinsk orientering er også verdfull.
- Det er ingen bestemte krav til utdanning for verva som fast lekmedlem og vara for vedkomande. Vedkomande kan til dømes ha helse- eller sosialfagleg bakgrunn eller anna relevant erfaring for vervet.
Søknad
Send skriftleg søknad med følgjande opplysningar:
- CV eller ei liknande oppstilling av utdanning og praktisk erfaring
- kvifor du ønskjer å vere med i kontrollkommisjonen
- opplysningar om du har vore medlem i kontrollkommisjon tidlegare, kva kommisjon dette var og kva periode/periodar
- opplysningar om andre aktuelle engasjement og tilsettingar (for habilitetsvurdering)
- namn på to personar som vi kan kontakte for referansar
Habilitet
I psykisk helsevernlova § 6-2 tredje ledd står det at: «Ingen kan være medlem av en kontrollkommisjon som skal føre tilsyn med tiltak og institusjoner for psykisk helsevern som vedkommende har noe ansvar for i sin vanlige stilling.» Helsedirektoratet seier vidare at medlem heller ikkje bør vere tilsett i det psykiske helsevernet.
Oppnemning
Vi gjennomfører intervju, dokumentkontroll og sjekkar referansar. Oppnemningsperioden er fire år. Oppnemninga er personleg.
I tilfelle den som vert oppnemnd også er medlem i brukar- eller pårørandeorganisasjon, representerer vedkomande som medlem i kommisjonen ikkje virket eller synspunkta til organisasjonen.
Godtgjering for arbeid i kontrollkommisjonen
Arbeid i kontrollkommisjonen vert godtgjort per time etter reglane i psykisk helsevernforskrifta §§ 64 – 68. Satsen er rekna i prosent av salærforskrifta § 2. Reiseutgifter vert dekt etter særavtalen om dekking av utgifter til reise og kost innanlands. Nærare informasjon blir gitt ved oppnemning. Arbeidstid varierer etter behov for dei enkelte kommisjonane. Helsedirektoratet arrangerer årlege kurs med opplæring av nye medlemmer av kontrollkommisjonane.
Send søknad til Statsforvaltaren i Rogaland, på e-post: sfropost@statsforvalteren.no eller per post til Postboks 59, 4001 Stavanger.
Nærare opplysningar kan du få hos ass. avdelingsdirektør Rigmor Kvia de Waard og førstekonsulent Kristine Norland, som du finn under «Kontaktpersonar».
Søknadsfrist: forlenget frist til 10. oktober 2024.