Kontrollkommisjonane i Rogaland
I Rogaland har vi 4 kontrollkommisjonar i det psykiske helsevernet
Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern i Rogaland 1
Ansvar for:
- Stavanger Universitetssjukehus, Klinikk for psykisk helsevern voksne, Våland Post A1, B1, B3, C1, AMC2
- Stavanger DPS, Helse Stavanger HF
Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern i Rogaland 2
Ansvar for:
- Stavanger Universitetssjukehus, Klinikk for psykisk helsevern voksne, Våland Post A2, A3, B2, E1
- Helse Stavanger HF, Klinikk psykisk helsevern barn, unge og rusavhengige, Post K1, M1 og N1
- Gauselskogen (ikke godkjent for tvang), Helse Stavanger HF
- Sandnes DPS (Varatun), Helse Stavanger HF
Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern i Rogaland Sør
Ansvar for:
- N.K.S. Jæren distriktspsykiatriske senter AS (Bryne)
- Sola DPS, Helse Stavanger HF
- Dalane DPS (Egersund), Helse Stavanger HF
- Seksjon Engelsvoll (Klepp), Helse Stavanger HF
Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern i Rogaland Nord
Ansvar for psykiatriske institusjoner nord for Boknafjorden:
- Haugesund sjukehus, Klinikk for psykisk helsevern Vaksenpsyk. poster 1,2 og 3, Barnepsykiatri (BPP), Ungdomspsykiatri (UPP)
- Haugaland DPS (Haugesund), Helse Fonna HF
- Karmøy DPS (Kopervik), Helse Fonna HF
Medlemmer i kvar kommisjon:
Leiar Jurist som er kvalifisert til å gjere teneste som dommar. Over 25 år.
Lege Lege med spesialitet i allmennmedisin. Helst lang praksis som lege.
Medlem 1 Må ha vore pasient under psykisk helsevern, pårørande til pasient, eller ha pasientinteresser i stilling eller verv.
Medlem 2 Ikkje særskilte krav, men kan ha helse- eller sosialfagleg bakgrunn.
Varamedlem Same krav som medlem 2.
Medlemmene vert oppnemnt for 4 år, og kan re-oppnemnast ein gong.
Kommisjonane vert oppnemnt i januar kvart år. Det hender også at me må oppnemne nye medlem i løpet av perioden.
Statsforvalteren skal sikre at rekruttering og oppnemning skjer gjennom ein open og forsvarleg prosess, så dei best kvalifiserte og eigna personane vert oppnemnt. Me vil alltid ha behov for nye medlem i kommisjonane.
Dersom dette høyrest aktuelt ut og du har interesse for dette feltet, så ta gjerne kontakt med oss.
Vi ønskjer at du sender oss litt informason om deg sjølv saman med relevant erfaring, kvalifikasjonar saman med ein referanse.