Råd og veiledning

Opplysning, råd og rettleiing er ei av kjerneoppgåvene i NAV-kontoret. Føremålet med tenesta er å løyse gjeldande sosiale problem, og å førebyggje at slike problem oppstår. Retten til tenesta er derfor uavhengig av om den som søkjer råd og rettleiing allereie er komen i ein vanskeleg situasjon, eller søkjer eller mottek andre tenester frå NAV.

Publisert 21.03.2014

Tenesta skal styrkje den enkelte sin moglegheit for å meistre eigen livssituasjon, og blir basert på aktiv involvering og deltaking.

Opplysning, råd og rettleiing er eit viktig verkemiddel for å nå lova si målsetjing om å bidra til at utsette barn og unge og familiane deira får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.

Råd og rettleiing er ei teneste som det skal fattast vedtak om, eller som skal inngå som del av vedtak. Du kan klage på desse vedtaka. Fylkesmannen er klageinstans. Ei eventuell klage skal leverast til Nav-kontoret som først skal vurdere saka på ny.

Økonomisk rettleiing

Sentralt i NAV kontoret si råd og rettleiingsplikt er ansvaret for økonomisk rettleiing. Formålet med den økonomiske rettleiinga er tredelt; å førebyggje økonomiske problem, å søkje å løyse akutte økonomiske problem, og til å finne heilskaplege og varige løysingar for tenestemottakar med behov for økonomisk rehabilitering.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.