Ny netteressurs som verktøy for å kjempe mot barnefattigdom
Den nye nettressursen www.barnefattigdom.no utvikla av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) blir eit viktig verktøy for kommunar, stat og organisasjonar for å identifisera omfanga av barnefattigdom og setje inn målretta tiltak for å nå fram til barna og gi dei nødvendig hjelp og moglegheiter.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Indikatorane er basert på registerdata frå SSB og viser store variasjonar både på fylkes- og kommunenivå i tal på barn som lever i hushald med vedvarande låg inntekt. Storbyane har dei største utfordringane.
Kommunane kan bruke nettstaden som eit verktøy for å talfeste utfordringar knyta til fattigdomslevekår (levekårsutfordringar knyta til fattigdom). Målet med nettressursen er at kommunane kan målretta tiltak, gi konkret hjelp og følgje utviklinga over tid overfor enkeltindivid og grupper, og innanfor geografiske område, uttaler barne- og likestillingsminister Solveig Horne.
For meir informasjon sjå i vedlagte lenkjer i høyremenyen.