Brukarar og pårørande har erfaringar som er viktige for tilsyn
Statens helsetilsyn og fylkesmennene har brukar og pårørandeinvolvering i tilsyn som eit særleg satsingsområde fram til 2018.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Brukarar og pårørande har erfaringar frå møte med tenestene som er viktige og nyttige for tilsyn i helse-, sosial- og barneverntenesta. Erfaringane dei formidlar, gir betre faktagrunnlag, risikovurderingar og prioriteringar i tilsyn. Dei fører til at tilsynet blir enda meir relevant og vesentleg, og kan dermed føre til forbedringsarbeidet i tenesta.
I løpet av satsingsperioden jobbar vi med å utvikle arbeidsmåtar som skal føre til at erfaringane og kunnskapen til brukarane blir brukte meir og betre i alle tilsynsaktivitetar. Erfaringar og eksempel frå satsingsperioden dannar grunnlag for løysingar som skal føre til betre involveringspraksis og utvikling av tilsynsarbeidet på kort og lang sikt.
Sintef Teknologi og samfunn, avdeling Helse har fått i oppdrag av Helsetilsynet å gjere eit toårig følgeevalueringsprosjekt knytt til satsinga frå og med juni 2016.
Fylkesmannen i Rogaland har fått innvilga prosjektmiddel til å prøve ut brukarinvolvering i ulike former for tilsyn.