Iden til Helse Vest

Pål Iden sluttar i stillinga som fylkeslege i Rogaland og blir ny assisterande fagdirektør i Helse Vest.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.01.2016

Pål Iden (f. 1963) tok medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Bergen i 1989, har vore spesialist i allmennmedisin og frå 2004 spesialist i samfunnsmedisin. Han har mellom anna erfaring frå Haukeland universitetssjukehus, Lærdal sjukehus og Notodden sjukehus. Han har vore kommunelege i Lærdal og Bø i Telemark, kommuneoverlege for Bø, Sauherad og Nome og fylkeslege i Telemark (2006-2007). Sidan 1. januar 2008 har Iden vore fylkeslege i Rogaland. 7. mars tar han til i Helse Vest.

– Etter 10 år i ein fantastisk givande jobb som fylkeslege, ønskjer eg nå å bruke erfaringa mi i ei ny rolle til beste for pasientane og helsetenesta i Helseregion vest. I samspelet mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta ligg mange utfordringar som krev samla innsats. Eg gler meg til å få ta del i det viktige arbeidet som Helse Vest har ansvaret for, forklarer Pål Iden.

– Fagleg sterk – og god kollega

Som fylkeslege er Iden ein del av leiargruppa hos Fylkesmannen i Rogaland. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa innser at ho mistar ein god kollega til Helse Vest.

– Pål Iden har gjort ein framifrå jobb som fylkeslege gjennom åtte år. Han er fagleg sterk og ein omgjengeleg kollega som eg har sett stor pris på. Eg skulle gjerne sett at han heldt fram hos oss, men eg ønskjer han alt godt med nye oppgåver. Eg er trygg på at han kjem til å gjera eit strålande arbeid for Helse Vest, seier Kleppa.

Erfaring og god kunnskap

– Eg er glad for å få ein erfaren og dyktig lege og leiar med på laget når vi skal utvikle spesialisthelsetenesta på Vestlandet framover, seier fagdirektør i Helse Vest, Baard-Christian Schem. – Pål Iden har med seg nyttig erfaring og mykje god kunnskap når vi skal jobbe med vidare satsing på område som er viktige for Helse Vest. Han får oppgåver både regionalt og nasjonalt på vegner av Helse Vest i tida som kjem.

Kontaktpersonar for pressa

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.