Forskjellane aukar
Den økonomiske utviklinga og situasjonen på arbeidsmarknaden fører til at forskjellane aukar i Noreg, ifølge NAV sin fattigdomsrapport for 2015.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Noreg er blant dei landa i verda med minst forskjellar i levekår, men sidan 2011 har andelen fattige auka, når vi nyttar fattigdomsmåla til EU og OECD.
Fleire årsaker
- Dette skuldast ein svakare arbeidsmarknad og framleis høg innvandring, seier kunnskapsdirektør i NAV, Yngvar Åsholt. Tal på personar som lever på låginntekt er høgast blant innvandrarar, unge vaksne, einslege, eineforsørgjarar og personar med korttidsytingar frå NAV. Denne utviklinga har også ført til auka sosialhjelpsutbetalingar.
Totalt blei det i 2014 utbetalt 5,6 milliardar kroner i sosialhjelp. Dette var ein auke på sju prosent i forhold til året før (inflasjonsjustert).
Les meir om tilstand og utviklingstrekk i den vedlagte rapporten.