Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot
Tilskotet er for å stimulere kommunane til å møte framtidas utfordringar på helse- og omsorgsfeltet med bærekraftige og gode tiltak og tenester. Kompetanseløftet 2015 er ein del av dette tilskotet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kommunar kan søkje om midlar til kompetanseutvikling, opplæringstilskot knytta til brukarstyrt personleg assistanse og innovasjonsprosjekt.
Søknadsfrist 30.04.2015
Kven som kan søkje ? Kommunar og fylkeskommunen
Kommunar kan gjerne søkje i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, næringsliv, frivillig sektor eller andre aktørar.
Fylkeskommunen kan kun søkje om tilskot til kompetanseutvikling.
Beløp som skal fordelast til kommunane i Rogaland : Kr. 18 130 635,-
Korleis søkje
Søknad skal fyllast ut i eige søknadsskjema, med eigne vedlegg for søknader som gjeld innovasjon og kompetanse. Skjema finn du i lenka under.
Søknaden blir å sende til Fylkesmannen si postadresse:
Fylkesmannen i Rogaland, Postboks 59, 4001 Stavanger. Evt fmropost@fylkesmannen.no