Krisesenter

Oppdatert 08.04.2024

Eit krisesenter er ein institusjon som tek imot personar som er utsette for vald i nære relasjonar.

Det er kommunen som skal sørgje for at det finst eit tilbod om krisesenter for alle som treng det. Kommunen skal òg sørgje for at krisesenteret oppfyller krava i krisesenterlova. Formålet med denne lova er å sikre at det finst eit godt tilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald frå nokon som står dei nær.  

  • Eit krisesenter er eit tilbod om ein mellombels stad å bu. Det skal vere gratis, døgnope og tilgjengeleg heile året.
  • Tilbodet skal vere tilrettelagt for kvar enkelt brukar.
  • Krisesenteret og andre offentlege tenester skal vere samordna og gi brukaren heilskapleg oppfølging.
  • Dei som har budd i krisesenter, skal få tilbod om oppfølging etter at dei har flytta ut.  

Krisesenterlova pålegg kommunen å føre internkontroll med at krisesenteret og den verksemda krisesentertilbodet omfattar, er i samsvar med gjeldande regelverk.   

Statsforvaltarens ansvar

Statsforvaltaren fører tilsyn med at kommunen følgjer opp oppgåvene sine etter føresegnene i krisesenterlova. Tilsyna våre rettar seg mot kommunen, ikkje det enkelte krisesenteret.

Vis meir


Publisert 04.10.2019

Døgnopen hjelpelinje for valdsutsette 116 006

Vald- og overgrepslinja (VO-linja) 116 006 er ei hjelpelinje for alle som opplever vald eller overgrep i nære relasjonar. VO-linja er open døgnet rundt, og det er gratis å ringe dit.

 


Publisert 25.04.2013

Oppfølging av valdsutsette barn ved krisesentra

Krisesentra har lovpålagd meldeplikt til barnevernet, men i fleire tilfelle melder dei ikkje


Publisert 25.04.2013

Tilbodet til innbyggjarane i Rogaland

Kartleggjing viser at alle kommunane har tilbod til innbyggjarane når det gjeld krisesenter. Fylkesmannen fikk i 2010 i oppdrag å føre tilsyn med at kommunane oppfyller pliktene som dei er pålagde etter krisesenterlova.