Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta

Prop. 1S (2016-2017). Kap. 761 post 21, 765 post 21 og 770 post 70.

Helsedirektoratet har i samarbeid med KS gitt Handelshøyskolen BI i oppdrag å tilby utdanning i leiarkunnskap og innovasjon for helse- og omsorgstenesta i kommunane og tannhelsetenesta i fylkeskommunane. Utdanninga gir 30 studiepoeng og kan gjennomførast som sjølvstendig modul eller som del av eit samla mastergradstudium.Frå hausten 2017 blir det tilbod om opptak til tre klassar med til saman 160 studentar. Ein klasse vil vere lokalisert vekselvis i Lakselv og Tromsø, to av klassane er plasserte i Oslo.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.02.2017

Studiet passar for einings- og verksemdsleiarar i helse- og omsorgstenesta kom­munar og i tannhelsetenesta i fylkeskommunar. Dette kan vere leiarar i kommunale institusjonar og sjukeheimar, heimebaserte omsorgstenester, psykisk helsear­beid og rusarbeid, helsestasjons- og skulehelsetenesta, hab­iliterings- og rehabiliteringstenesta, offentleg legeteneste, fylkestan­nlegar, overtannlegar og klinikkleiarar. Andre med relevant leiaransvar kan også søkje om opptak.

 

Søknadsfrist  for klassen i Nord-Noreg er 17. mai, mens klassane i Oslo har søknadsfrist 17. april. Påmelding kan gjerast her: https://www.bi.no/studier-og-kurs/kurs/masterprogram/helseledelse/ .

Interessa for studietilbodet har vore svært god sidan oppstart hausten 2015. Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta er kostnadsfri for kommunane og fylkeskommunane. Deltakarar betaler bare reiseutgifter til kvar modul, og kan også søkje KS om reisestøtte til dette. Det er positivt om fleire leiarar frå  same kommune og gjerne frå ulike delar av primærhelsetenesta søkjer saman. Det styrkjer søknaden om rådmann eller kommuneleiing legg ved tilråding.

Kontaktperson i Helsedirektoratet:       

Sigrun Heskestad, prosjektleiar Kompetanseløft 2020, sigrun.heskestad@helsedir.no, telefon 24 16 35 11

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.