Kontakt oss om helsekrav offshore
Mange av dei vanlegaste spørsmåla finn du svar på her på nettsidene våre. Sjå mellom anna desse artiklane:
- Om dispensasjonssøknad
- Klagerett på vedtak om dispensasjon
- Oppfyller eg helsekrava for å arbeide offshore?
- Når treng eg offshore helseerklæring?
- Helsekrav for offshoredykkarar
Helsekrava for arbeid offshore finn du i Forskrift om helsekrav for personer i arbeid på innretninger i petroleumsvirksomheten til havs. Ei meir detaljert skildring av helsekrava finn du i vegleiaren til forskrifta.
Saksbehandlingstida for søknadar om dispensasjon er vanlegvis 4 til 6 veker. I periodar med stor pågang kan saksbehandlingstida vera lengre enn dette. Dersom søknaden ikkje inneheld alt me treng for å behandle saka vil og saksbehandlingstida bli lengre.
Me har som hovudregel ikkje høve til å prioritere sakar framfor andre. Eventuelle førespurnadar om å få prioritert ei sak koma frå petroleumslegen og vera godt grunngjeven.
Kontakt
Me har telefontid mellom klokka 09.00 og 14.00 på tysdagar og torsdagar. Me kan kontaktast på telefonnummer: 51 56 87 00.
Me kan og kontaktast på e-post: sfropost@statsforvalteren.no
Kontaktpersonar:
ass. fylkeslege Kim Andre Noremark
ass. fylkeslege Bård Humborstad
ass. fylkeslege Trond Oliversen
Me ber om at personsensitive opplysingar ikkje blir sendt på e-post, bruk då heller funksjonen «Send sikker melding».