600 feirar norsk statsborgarskap i Kuppelhallen
227 nye statsborgarar, i lag med familie og venner, er klare til fest i Kuppelhallen laurdag 20. mai. Heile 46 nasjonar er representerte på den høgtidelege statsborgarseremonien.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I denne årlege seremonien som Fylkesmannen i Rogaland arrangerer, markerer me at nye medlemmer er tekne opp i det norske fellesskapet. Det er sjølvsagt frivillig å delta.
Ein festdag
Det blir ei flott feiring med velkomst- og helsingstalar, musikalske innslag og sosialt samvær i Kuppelhallen i Stavanger. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa leiar seremonien. Det blir helsingstalar ved varaordførar i Stavanger, Bjørg Tysdal Moe og Hamidullah Amiri, leiar for Sandnes innvandrarråd. Årets hovudtalar er fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal.
16 kommunar i Rogaland er representerte i 2017
Dei 227 nye, festklare statsborgarane kjem opphavleg frå 46 ulike nasjonar. Dei er busette i 16 kommunar i Rogaland. Og dei kjem ikkje åleine til Kuppelhallen. Med venner og familie blir det rundt 600 festdeltakarar i Kuppelhallen.
Heile 15 ordførarar/varaordførarar deltar også, i tillegg til fungerande visepolitimeister Leif Ole Topnes.
Tid/stad
Laurdag 20. mai 2017 kl. 12.30 i Kuppelhallen, Stavanger. Programstart: kl. 13.00.
Slik fordeler deltakarane seg på dei 16 kommunane
Eigersund | 5 |
Finnøy | 1 |
Gjesdal | 4 |
Haugesund | 9 |
Hå | 1 |
Karmøy | 6 |
Klepp | 7 |
Randaberg | 7 |
Rennesøy | 2 |
Sandnes | 52 |
Sauda | 4 |
Sola | 9 |
Stavanger | 103 |
Strand | 10 |
Time | 11 |
Vindafjord | 1 |
Du finn festprogrammet som vedlegg til nettsaka.