Rettleiing for utfylling av søknadsskjema for separasjon og skilsmisse
Nedanfor er det utarbeidd ei rettleiing som kjem i tillegg til den informasjonen og rettleiinga som bblir gitt på søknadsskjema. Vi ber alle lese denne før dei fyller ut skjema.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Denne rettleiinga er eit tillegg til den rettleiinga som blir gitt på søknadsskjema.
Søknad om separasjon og skilsmisse skal behandlast i det fylket der begge partane sist budde saman. Når ein søkjer skilsmisse i det fylket kor ein blei separert, så treng ein ikkje senda inn vedlegg. Desse vedlegga er alt arkivert i separasjonssaka.
Stadfesting av underskrifta til partane
Underskrifta til den eller dei som søkjer, skal stadfestas anten same dag eller etter at søknaden er underskriven. Søknaden skal innehalde dato (dagsetjast)
Nå ein søkjer åleine, så skal ikkje rubrikk for stadfesting av underskrift til den andre part fyllast ut.
Varsling av den andre parten
Partane kan fylla ut og senda inn søknaden saman. Dette gjer at behandlingstida blir kortare.
Dersom den eine parten søkjer åleine, må vi varsle den andre parten og be om underskrift. Dette kan auka behandlingstida med 2 – 3 månader.
Hugs å skriva inn begge partane sine namn i skjemaet, og adresse dersom den er kjend.
Meklingsattest
Dersom partane har felles barn under 16 år så må det sendast inn meklingsattest. Dette gjeld også der barnet/barna er i fosterheim. Meklingsattesten er gyldig i 6 månader.
Åtskiljingsfråsegn
Åtskiljingsfråsegn må alltid fyllast ut ved søknad om skilsmisse. Fråsegna skal fyllast ut med dato då partane flytta frå kvarandre. To myndige personar som kjenner ein eller begge partane skal skriva under på fråsegna.
Forkynning
At vedtaket blir forkynt, inneber at det blir sendt i vanleg brev vedlagt mottakskvittering og svarkonvolutt som skal returnerast til Fylkesmannen.
Klage
Dersom du ikkje ynskjer å klaga på at det blir gitt separasjon eller skilsmisse, så kan du kryssa i punktet kor det står JA øvst på side 2.
Saksbehandlingstid
- Når begge partar har underteikna på søknaden, og alt er rett utfylt: 2 – 4 veker
- Når den eine part søkjer åleine: inntil 3 månader
- Når eit vedtak skal forkynnast i utlandet: inntil 6 månader eller meir