Presseinvitasjon: Kongeparet besøker Rogaland 28.–30. mai
Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga legg ut på ny fylkestur i mai 2024. I Rogaland går turen til Lund, Randaberg og Vindafjord.
Dette er ikkje tilfeldig. Lund, Randaberg og Vindafjord er dei tre kommunane i Rogaland som Kongeparet ennå ikkje har vore på offisielt besøk i.
Fylkesturen til Kongeparet startar i Agder søndag 26. mai. Tysdag 28. mai passerer dei kongelege fylkesgrensa til Rogaland – og her skal dei vera i tre dagar. Kongeskipet Norge blir brukt under heile fylkesturen.
Rogaland er landets fjerde største fylke
Rogaland er eit av dei minste fylka i areal, men det er landets fjerde største målt etter folketal. I 2024 blei rogalending nummer 500 000 fødd.
Fylket har store landskapsvariasjonar. Folk har tatt i bruk landskapet gjennom fleire tusen år, og ein kombinasjon av natur- og kulturlandskap pregar Rogaland.
Kongeparet skal få oppleva tre ulike regionar; Dalane (Lund kommune), Nord-Jæren (Randaberg) og Haugalandet (Vindafjord).
Rogaland er inndelt i 23 kommunar. Stavanger er administrasjonssenteret og er hovudsetet for både Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland. Fylkesordførar er Ole Ueland (H). Bent Høie er statsforvaltar.
28. mai i Lund kommune
Lund kommune i Dalane er kjent som ein industrikommune med produksjon av alt frå tresko, bjøller, gyngestolar og vindauge. Den største bedrifta er NorDan. I tillegg er det ei aktiv landbruksnæring i kommunen. Kommunen ligg sør i Rogaland, midtvegs mellom Kristiansand og Stavanger. Lund har litt over 3 100 innbyggarar. Ein stor del av dei bur i den einaste tettstaden i kommunen, administrasjonssenteret Moi.
I Lund blir Moi stadion ramme for besøket. Kongeparet kjem kl. 11.30.
29. mai i Randaberg kommune
Randaberg er Noregs minste landkommune. Kommunen er kjent som ein viktig jordbrukskommune. Randaberg ligg som Jærens nordre spiss, med Stavanger som næraste nabo. Randaberg har i underkant av 12 000 innbyggarar.
I Randaberg går Kongeparet i land i Goavika kl. 11.00. Turen først til Vår Energi Arena Randaberg (kort besøk), deretter til Torget og hovudarrangementet i sentrum av Randaberg kl. 11.30.
30. mai i Vindafjord kommune
Vindafjord ligg på halvøya Haugalandet, nord i Rogaland fylke. Kommunen grensar i sørvest mot Tysvær, i søraust mot Suldal – og i aust mot Etne i Vestland fylke. Vindafjord kommune har om lag 9 000 innbyggarar. Kommunen har eit svært samansett næringsliv, hovudsakeleg basert på industri, teknologi, landbruk og tenesteytande næring.
I Vindafjord går Kongeparet i land kl. 11.00 i Ølen sentrum.
Detaljprogrammet for besøket i dei tre kommunane er framleis under arbeid.
Akkreditering innan 22. mai 2024
Presse som ønskjer å dekkja heile eller delar av fylkesbesøket til Kongeparet i Rogaland, søker akkreditering her innan 22. mai 2024 kl. 16.00.
Kan bli forbod mot droneflyging over arrangementsområda
Politiet vurderer å innføra flyforbodssoner for drone over arrangementsområda under Kongeparets besøk i Rogaland 28.–30. mai. I denne vurderinga er det behov for informasjon om eventuell planlagt sivil dronebruk, blant anna for å kunna legga til rette for profesjonell dronebruk. Dersom bruk av drone er aktuelt for redaksjonen din, send ein e-post til kommunikasjonssjef John Gunnar Skien hos Statsforvaltaren i Rogaland, med namn på dronepilot, redaksjon og mobilnummer. Fristen er 22. mai kl. 16.00. Statsforvaltaren i Rogaland formidlar ei samla oversikt vidare til politiet.