Informasjon om tolkeløysinga for advokat

No kan tolkar sende inn krav som er knytt til fritt rettsråd elektronisk

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.12.2016

For tolkane

Innlogging i skjemaløysinga for tolkar skjer via ID-porten. ID-porten er ei felles innloggingsløysing til offentlege tenester på nett, og tilbyr sikker innlogging ved bruk av elektronisk ID. Nærare informasjon om innlogging i løysinga finn du her.(lenke)

Tolkar kan sende inn krav som personleg tolk, eller på vegner av eit firma med organisasjonsnummer.

For å kunne sende inn tolkekrav, må oppdraget knytast til ein advokat. Er tolken tilknytt ein advokat som er brukar i rettsrad.no, kan tolken sende kravet for godkjenning til advokaten i løysinga. Viss ikkje advokaten er brukar på rettsrad.no, blir kravet sendt direkte til Fylkesmannen for godkjenning.

For advokatane

Advokaten vil kunne sjå ei ny fane i løysinga som heiter "Tolkekrav". Her vil det komme eit varsel på e-post til advokaten si e-postadresse om at dei har motteke eit krav på rettsrad.no som treng godkjenning av advokat. Under "Tolkekrav" vil advokaten ha oversikt over alle tolkekrav som er under godkjenning, innsendt til Fylkesmannen eller som ikkje er utbetalt. 

Advokat må kvalitetssikre den informasjonen tolken har lagt inn i kravet, og evt godkjenne desse. Dersom kravet ikkje kan godkjennast, kan advokaten sende kravet tilbake til tolk som avslag eller for redigering av kravet. Advokat kan korrigere opplysningar, og deretter godkjenne kravet.

Dersom det manglar naudsynte vedlegg som til dømes oppnemningsdokument frå UDI, kan advokaten legge dette til som vedlegg til kravet før godkjenning. Når advokaten deretter sender inn kravet, vert det sendt direkte til Fylkesmannen.

For sakshandsamarane

Sakshandsamar hjå Fylkesmannen kan godkjenne, avslå eller endre kravet ved til dømes delvis innvilga krav. Sakshandsamar kan også retunere krav til advokaten eller tolken dersom det til dømes manglar dokumentasjon. 

Elektronisk innsending av tolkekrav vil føre til raskare sakshandsaming og raskare utbetaling av krav.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.