Negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting

I sommarferien reiser mange til utlandet. Nokre barn og unge risikerer å bli utsette for tvangsekteskap, kjønnslemlesting eller andre overgrep i ferien sin. Alle som arbeider med barn og unge bør ha ekstra merksemd på dette no, og beredskap for å hindre slike overgrep.

Publisert 05.06.2018

Beredskap før sommaren

I eit brev frå Kunnskapsdepartementet og Barne - og likestillingsdepartementet blir alle som arbeider med barn og unge bedne om å ha ekstra beredskap før sommaren. I brevet blir det gitt råd om kva ein kan gjere om ein er bekymra for at overgrep kan skje i ferien. 

Meldeplikt og avvergingsplikt

Negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting kan true eit menneske sitt liv eller helse. Meldeplikta og avvergingsplikta kan dermed vere utløyst. Om personen er under 18 år skal barneverntenesta kontaktast.  Er personen er over 18 år skal politiet kontaktast på telefonnummer 02800, eller på naudnummer 112. Politi og barnevern kan også kontaktast for å drøfte saker anonymt.

Barn sin rett til å samtykkje

Barn over 12 år skal samtykkje til å flytte eller opphalde seg i utlandet om ikkje minst ein av føresette med foreldreansvar er med, jf. barnelova §§ 40 tredje ledd og 41 siste ledd. Det blir vist til at barnekonvensjonen art. 12 bestemmer at eit barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, har rett til å gi uttrykk for desse synspunkta i alle forhold som gjeld barnet, og at deira meining skal vektleggjast i samsvar med alder og modenheit.

Barnevernet si rolle

Når barneverntenesta får informasjon om bekymring for at eit barn står i fare for å bli tatt med til utlandet og utsett for negativ sosial kontroll, vald eller tvang, må barneverntenesta undersøkje saka og eventuelt treffe naudsynte tiltak. På den måten kan barneverntenesta bidra til å forebyggje og forhindre at barn blir sendt til utlandet.

Elevar som uteblir ved skolestart

Kvart år opplever skolar at elevar ikkje møter ved skolestart. Skolar, kommunar og fylkeskommunar må følgje opp elevar som uteblir. Utdanningsdirektoratet har utforma ein egen rettleiar for skoleeigar og skolar.

Meir informasjon

Aktuelle telefonnummer

  •  Politi: 02800 eller naudnummer 112
  •  Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111
  •  Barnevern: http://barnevernvakten.no/kommune
  •  Kompetanseteamet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting: 47 80 90 50
  •  Røde Kors-telefonen for tvangsekteskap og kjønnslemlesting: 815 55 201 

 

 

·     

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.