Lærelyst - tidleg innsats og kvalitet i skolen

Regjeringa har lagt fram ei ny melding til Stortinget. Meldinga har fokus på tidleg innsats, lærelyst og kvalitet i skolen.

Publisert 27.03.2017

Lærelyst

Kunnskap er nøkkelen til framtida, både for kvart einskild menneske og for samfunnet som heilskap. For at barn og unge skal ha lyst til å lære, vere motiverte og oppleve mestring må alle som har ei rolle i utdanningssystemet vere prega av lærelyst. Alle, frå den einskilde lærar til departementet og politikarane må ønskje å lære noko nytt, ønskje å lære av kvarandre og ha rom og moglegheit til å prøve, feile og få til noko. 

Tidleg innsats

Tidleg innsats er avgjerande for å gi alle barn og unge ei opplæring som rustar dei for framtida. Regjeringa foreslår å gi kommunane ei plikt til å tilby intensiv opplæring til elevar som heng etter i lesing, skriving eller rekning på 1. – 4. trinn.  

Kvalitetsutvikling

For at ulik kvalitet mellom skolar og innad på skolar skal bli mindre, vil regjeringa definere tydelege krav og forventningar til lokal mynde. Regjeringa vil legge til rette for at kommunar og fylkeskommunar skal få handlingsrom til å drive kvalitetsutvikling, slik at dei kan finne løysingar som er tilpassa lokale behov. Lærarar og skoleleiarar skal få god moglegheit til å bygge og vidareutvikle profesjonelle fellesskap.

Meir informasjon

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.