Har rutinar for varsling

Alle skolar og barnehagar i Rogaland kjenner til plikta dei har til å varsle barnevernet. Dette syner ei kartlegging som Fylkesmannen har gjennomført.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.07.2016

Kartlegging

Fylkesmannen Rogaland sende 29.09.15 ut ei kartlegging av korleis kommunane i Rogaland sikrar at tilsette i skole og barnehage kjenner til opplysningsplikta til barnevernet etter § 22 i barnehagelova og § 15-3 i opplæringslova, jf. kapittel 4 i barnevernslova. Målet med kartlegginga var å medverke til tidleg innsats for barn og unge med særskilte behov, slik at dei får nødvendig og tidleg hjelp.

Undersøkinga vart send til alle kommunane i Rogaland v/kommunalsjef på barnehage- og skoleområdet. Vi fekk svar frå alle kommunane. 

Spørsmål

Spørsmåla var knytte til om kommunane har rutinar som sikrar at personalet i barnehage og skole kjenner til plikta dei har etter regelverket.

Spørsmål 1 var knytt tilom dei tilsette i kommunen er kjende med kva opplysningsplikta til barnevernet inneber. Alle kommunane svarte ja på dette spørsmålet. Dette spørsmålet kravde ikkje dokumentasjon og var eit inngangsspørsmål til resten av kartlegginga.

Spørsmål 2 handla om korleis kommunen sikrar at dei tilsette i barnehage og skole kjenner til denne plikta. 25 av 26 kommunar svarte at dei har interne og eksterne rutinar for å gjere plikta kjend. Rutinane ligg i ulike internkontrollsystem, t.d. Kvalitetslosen og Compilo. 15 av kommunane har rutinane i eit system for HMS der dei tilsette må kvittere for å ha gjort seg kjende med rutinane. I hovudsak er ansvaret for å sikre at rutinen blir kjend, lagt på styrar og rektor. Opplysningsplikta er også årleg tema på personalmøte og i leiarmøte. Nokre av kommunane har rutine for å informere om opplysningsplikta for nytilsette. 6 kommunar har også gjennomført eige tilsyn om plikta på barnehageområdet. 

Den kommunen som svarte at dei ikkje hadde rutine for å sikre at dei tilsette kjenner til opplysningsplikta, er følgd opp av Fylkesmannen. Kommunen har no sendt inn dokumentasjon som viser at rutinen er på plass.

Spørsmål 3 var knytt til om rutinen er skriftleg. Her har 21 av 26 kommunar sendt inn skriftleg rutine. Manglande skriftleggjering var i hovudsak knytt til skoleområdet. Fylkesmannen har etterspurd og fått meir dokumentasjon frå 5 kommunar.

 Dokumentasjonen viser at det er store kvalitetsforskjellar i rutinane, frå kopierte skjema frå Udir-10-2012 til gode og lokalt utvikla interne rutinar. 17 av 26 kommunar viser i tillegg til eit etablert samarbeid mellom barnehage, skole, barnevern og helse.          

Spørsmål 4 handla om korleis kommunen systematisk arbeider med temaet «Opplysningsplikt til barnevernet». Kommunane viser til ulike samarbeidsforum som personalmøte, tverrfaglege møte, foreldremøte saman med barnevernstenesta, Kvello-modellen, konsultasjonsteam, ressursteam/ tverrfagleg team, fagsamlingar, kurs for kommunale og private barnehagar og kompetansepakken «Tidleg innsats». Nokre av desse tiltaka inkluderer ikkje tilsette i skolen.

 

Oppsummering

Kommunane melder tilbake at dei informerer og følgjer opp opplysningsplikta. Det vart etterspurt dokumentasjon frå 5 kommunar.

Fylkesmannen si vurdering

Etter Fylkesmannen si vurdering har alle kommunane eit forsvarleg system for å sikre at dei tilsette i barnehage og skole kjenner til opplysningsplikta til barnevernet. Men rutinane kan vere sårbare då dei er avhengige av at styrar/rektor gjer jobben med å informere personalet på arbeidsplassen. Seks kommunar har gjennomført tilsyn om opplysningsplikta på barnehageområdet, og Fylkesmannen oppmodar fleire kommunar å gjennomføre slike interne tilsyn. Vidare viser vi til at alle skolar skal ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i opplæringslova og forskrift til lova blir oppfylte, jf. opplæringslova §13-10, og kommunane bør jamleg etterspørje opplysningsplikta i samband med internkontrollen.

Meldeplikta til barnevernet er viktig

Opplysningsplikta/meldeplikta til barnevernet er særs viktig for å sikre at barn som er i ein vanskeleg situasjon, får nødvendig hjelp. Fylkesmannen ber derfor om at kommunane regelmessig sikrar at rutinane er godt kjende av dei tilsette i barnehage og skole.

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.