Spesialundervisning i skolen

Alle elevar i grunnskole og vidaregåande skole skal få tilpassa opplæring. Det vil seie at skolen og læraren har plikt til å leggje til rette og tilpasse opplæringa for den enkelte så langt det lar seg gjere innanfor den ordinære opplæringa. Når ein elev treng tilrettelegging og oppfølging ut over det ordinære, kan eleven ha rett til spesialundervisning.   

Publisert 02.04.2024

Tilpassa opplæring

Alle elevar i grunnskole og vidaregåande skole skal få tilpassa opplæring, jf. opplæringsloven § 1-3. Det vil seie at skolen og læraren har plikt til å leggje til rette og tilpasse opplæringa for den enkelte så langt det lar seg gjere innanfor den ordinære opplæringa.

Spesialundervisning

Når ein elev treng tilrettelegging og oppfølging ut over det ordinære, kan eleven ha rett til spesialundervisning.  Spesialundervisninga kan handle om:

  • individuell tilrettelegging og oppfølging av lærar
  • assistentstøtte
  • nødvendig utstyr og læremidlar
  • ein bestemt type organisering
  • særskilt kompetanse hos den/dei som skal gjennomføre opplæringa  
  • avvik frå kompetansemål som følger av Læreplan for Kunnskapsløftet (LK20).

Skolen har plikt til å kartlegge elevane regelmessig for å sjå om dei har lært det dei skal (forsvarleg utbytte av opplæringa). Når ein lærar oppdagar elevar med fagvanskar, skal han/ho varsle rektor. Skolen har plikt til å vurdere og prøve ut tiltak innanfor det ordinære for å sjå om det kan hjelpe på vanskane slik at eleven får eit forsvarleg utbytte av opplæringa.

Når skolen finn at dei ikkje klarer å hjelpe eleven innanfor det ordinære, skal eleven visast til PP-tenesta. Foreldre må samtykke til dette. Når eleven er over 15 år, er det han/ho som må samtykke.  

PP-tenesta og sakkunnig vurdering

PP-tenesta skal greie ut eleven sine vanskar og vurdere om han/ho har rett til spesialundervisning. Utgreiinga skal gjerast i ein rapport som kallast sakkunnig vurdering. Opplæringslova stiller krav til kva den sakkunnige vurderinga skal innehalda, mellom anna i kva fag/timar/omfang eleven treng spesialundervisning, kva innhald undervisninga skal ha og korleis den skal organiserast, jf. opplæringslova § 5-3. Utgreiingar frå andre instansar som til dømes BUP, HABU med fleir, vert del av saksdokumenta.  

Både skolen og PP-tenesta har plikt til å involvere foreldra og eleven i denne prosessen og meiningane deira skal vektleggjast. Elev/foreldre kan og sjølv ta direkte kontakt med PPT, og be om ei sakkunnig vurdering.

Sakkunnig vurdering er å rekne som saksutgreiinga for vedtaket om spesialundervisning. 

Barnets beste

I alle saker som gjeld barn, skal barnet sitt beste bli vurdert og vekta opp mot andre momenter i saken. Synspunkta til barnet skal tillegges stor vekt i samsvar med barnet sin alder og modning jf. Barnekonvensjonen artikkel 3 og 12. Les meir om vurdering av barnets beste på vår heimeside.

Enkeltvedtaket

Eit vedtak om spesialundervisning skal slå fast kva den individuelle retten inneber. Vedtaket skal klart og tydeleg vise kva opplæringstilbod eleven har rett til, m.a. fag, timar, innhald, organisering av spesialundervisninga og kva kompetanse som er nødvendig hos den/dei som skal gi opplæringa. Vedtaket må vere i samsvar med det PPT tilrår i sakkunnig vurdering. Dersom vedtaket ikkje er i samsvar, krevst det ei særleg grunngjeving i vedtaket. Denne skal vise korleis skolen likevel skal ivareta eleven sitt behov for spesialundervisning.

Eit vedtak om spesialundervisning skal slå fast kva den individuelle retten inneber. Vedtaket skal klart og tydeleg vise kva opplæringstilbod eleven har rett til, mellom anna individuell opplæringsplan.

Individuell opplæringsplan ( IOP)

Når rektor har fatta vedtak, skal skolen lage ein individuell opplæringsplan (IOP). Planen skal vere i samsvar med vedtaket om spesialundervisning og kan ikkje innehalde meir eller noko anna/andre fag enn det som står i vedtaket. Planen skal vise kva mål i faga eleven skal jobbe mot, korleis opplæringa skal organiserast og korleis vurderingsarbeidet skal gjerast. Elevar med spesialundervisning har rett til vurdering på lik linje med andre elevar, og dei skal vurderast etter måla i IOP. Foreldra kan bestemme om ein elev skal fritakast frå vurdering med karakter i dei faga eleven har IOP. Dersom foreldra vel at eleven skal ha karakter, skal eleven få vurdering etter ordinære mål.

Årsrapport

Skolen skal utarbeide ein skriftleg årsrapport ein gong i året. Årsrapporten skal vise kva opplæring eleven har fått og gi ei vurdering av korleis eleven har utvikla seg opp mot måla i IOP.

Klagerett

Foreldre kan klage på vedtaket om spesialundervisning. Klagefrist er 3 veker. Informasjon om klagerett og saksgang ved klage skal stå i vedtaket.

Foreldre kan også klage dersom spesialundervisninga ikkje er gjennomført slik det er slått fast i vedtaket. Her er det ikkje klagefrist.

Ein klage på vedtak om spesialundervisning eller manglande gjennomføring av spesialundervisninga, skal sendast til rektor på skolen. Klagen blir først behandla av rektor/kommunen. Dersom klagar får medhald, skal dei få skriftleg melding om dette og forholda dei har klaga på må rettast opp. Dersom klagar ikkje får medhald, skal klagen sendast til Statsforvaltaren for endeleg behandling.    

Meir informasjon

Utdanningsdirektoratet har laga informasjon om spesialundervisning til foreldre. Informasjonen er også utarbeidd på mange språk. 

Ny opplæringslov trer i kraft 01.08.2024. Alt som handlar om elevens individuelle rettar vert da samla i kapittel 11, Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging (§§ 11-1- 11-14).

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.
FN sitt bærekraftmål nr 4
FN sitt bærekraftmål nr 4