Privatpraktiserande kan ta betalt for å utlevera opplysningar til barnevernet
Dersom barnevernstenesta pålegg ein privatpraktiserande yrkesutøvar å utlevera opplysningar etter barnevernslova § 6-4, kan han krevja betaling for arbeidet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 08.10.2015
Ein føresetnad er likevel at vedkommande har måtta gjera ei fagleg vurdering eller omarbeidd opplysningar han sit inne med. Dette opplyser Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet i brev av 14.09.2015.
Tidlegare har Barne- og likestillingsdepartementet slått fast at privatpraktiserande legar og psykologar har lov til å krevja betaling, dersom pålegget frå barnevernstenesta inneber at dei må gjera ei ny vurdering. Direktoratet har no presisert at det same gjeld for andre private yrkesutøvarar.