Fylkeslegen søkjer stillinga som sjukehusdirektør

Pål Iden har vore fylkeslege i Rogaland sidan 1. januar 2008. Nå har han valt å søkja den ledige stillinga som administrerande direktør i Helse Stavanger. Dette får inntil vidare konsekvensar for organiseringa av arbeidet hos Fylkesmannen i Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.05.2015

– Eg trivst veldig godt i jobben som fylkeslege, men eg hadde angra dersom eg ikkje melde interesse for ein slik jobb. Så vil tida visa om eg er den beste kandidaten eller ikkje, seier Iden.

Inhabil inntil vidare

Inntil dette er avklart, må derfor ein del av arbeidet hos Fylkesmannen omorganiserast. Av openberre habilitetsgrunnar kan ikkje Iden handtera saker for Fylkesmannen som har med Stavanger universitetssjukehus å gjera. I praksis betyr dette at han inntil vidare trer til side i alle saker som direkte eller indirekte involverer Helse Stavanger HF og spesialisthelsetenesta i Rogaland.

– Dette gjeld saker som mottak og vurdering av klager og bekymringsmeldingar, godkjenning av klagevedtak og konklusjonar i tilsynssaker og tilsynsrapportar som gjeld spesialisthelsetenesta, forklarer Iden.

Frå dags dato trekkjer han seg også frå all deltaking i dialogmøte og rådgiving retta mot sjukehuset og dei tilsette der.

Blir handtert av embetsleiinga

Etter samråd med embetsleiinga hos Fylkesmannen i Rogaland, og etter råd frå Statens helsetilsyn, vil embetsleiinga, ved assisterande fylkesmann Harald Thune, ta seg av alle desse sakene som normalt sorterer under fylkeslegen. Dette er Helse Stavanger orientert om.

Helse Stavanger HF håper å få avklart kven som får tilbod om jobben før sommarferien.

Kontaktpersonar

  • Pål Iden, fylkeslege, Fylkesmannen i Rogaland. Tlf. 948 39 190. E-post: fmropid@fylkesmannen.no
  • Magnhild Meltveit Kleppa, fylkesmann i Rogaland. Tlf. 930 63 651. E-post: fmrommk@fylkesmannen.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.