Lone Merethe Solheim er i dag ny fylkesmann i Rogaland
Ho blei konstituert som fylkesmann i Rogaland i mars. I dag overtar ho formelt etter Magnhild Meltveit Kleppa. – Eg kjem ikkje til å sitta passivt og venta til Bent Høie er på plass, seier Solheim.
Lone Merethe Solheim er fylkesmann fram til Bent Høie tar over i 2021. Høie tiltrer embetet når han går av som stortingsrepresentant hausten 2021.
Lang erfaring frå Fylkesmannen i Rogaland
Solheim er 54 år og har juridisk embetseksamen frå Universitetet i Oslo. Ho har arbeidd hos Fylkesmannen i Rogaland sidan 2002. Den gongen kom ho til Fylkeslegen i Rogaland frå Fylkesskattekontoret. Fylkeslegen blei seinare ein del av fylkesmannsembetet.
Solheim har vore assisterande direktør i helse-, sosial og barnevernsavdelinga. I 2012 blei ho tilsett som avdelingsdirektør i samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga. Hausten 2018 var ho ein snartur innom den nyoppretta Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstjenesten, men kom tilbake til avdelingsdirektørjobben hos Fylkesmannen.
Austlending som gjorde vestlending av seg
Solheim vaks opp på Tjøme i Vestfold, men flytta til Stavanger i 1988. Ho er gift og har tre barn. Ho er veldig stolt og glad for å få denne moglegheita:
– Skal ikkje sitta og venta på Høie
– Fylkesmannen er ein viktig institusjon – og eit kompetansesenter – for innbyggarane og kommunane i Rogaland. Eg kjem ikkje til å sitta passivt og venta til Bent Høie er på plass. Eg skal bidra med det eg kan for at me skal gjera ein endå betre jobb framover, seier Solheim.
– Korleis skal du gjera det?
– Det blir i første omgang svært viktig for meg å etablera god kontakt med kommunane. Det er lokalval til hausten, og me veit at det blir ein del nye folk ved roret.
Ettersom Solheim kjem frå stillinga som avdelingsdirektør i samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga, skal det tilsettast vikar for henne der. Det er ein prosess som pågår. Jan Petter Stangeland er fungerande avdelingsdirektør.