Kronprinsen kjem til ONS og Mulighetsterminalen

Måndag 29. august besøker H.K.H. Kronprinsen Stavanger. Han besøker Mulighetsterminalen og opnar seinare på dagen ONS 2016. Her skal han også innom enkelte utstillarar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.08.2016

Mulighetsterminalen er ein møtestad for arbeidssøkarar med høg kompetanse frå heile Stavanger-regionen. Her kan ein knyta nyttige kontaktar, treffa andre i same situasjon – og nytta seg av ulike tilbod. Det varierer kven som arrangerer aktivitetane. Mulighetsterminalen er eit samarbeid mellom Stavanger kommune, Greater Stavanger og NAV Rogaland for å få fleire tilbake i jobb.

Kronprinsen kjem til Mulighetsterminalen (Nedre Strandgate 89, 4005 Stavanger) kl. 09.00. Her skal han både møta arbeidsledige og bli grundig orientert om arbeidsmarknaden i Rogaland akkurat nå.

Opning av ONS 2016

Etter besøket på Mulighetsterminalen drar Kronprinsen vidare til ONS der han skal halda årets opningstale og seinare besøka bedrifter som stiller ut.

Akkreditering

Presse som ønskjer å dekka besøket på Mulighetsterminalen, sender ein e-post med namn og kontaktinformasjon (e-post og mobil) til journalist/fotograf til John Gunnar Skien, kommunikasjonssjef hos Fylkesmannen i Rogaland innan torsdag 25. august kl. 12.00.

For dekking av besøket på ONS 2016, gjeld ONS-akkreditering.

Meir informasjon

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Dokument