50 rogalendingar er inviterte til hagefest i Slottsparken

Deira Majestetar Kongen og Dronninga har invitert 1 500 gjester til hagefest i Slottsparken 1. september 2016. 50 personar frå kvart fylke og Svalbard er blant dei mange inviterte. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.08.2016

Arrangementet startar kl. 14.00 og varer fram til 16.00. Gjestene kjem frå klokka 13.00. Det blir lagt til rette for pressa i form av fotopunkt. NTB scanpix får tilgang til fri fotografering.

Akkreditering

Redaksjonar/medium som ønskjer å dekka Kongeparets hagefest, må søkja om akkreditering. Søknaden må innehalde namn, medium, mobiltelefon og e-postadresse. Søknaden sender du elektronisk til akkreditering@slottet.no innan måndag 29. august 2016 klokka 14.00.

Kontaktperson

Eventuelle spørsmål kan rettast til assisterande kommunikasjonssjef Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet, mobil +47 908 26 849.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar