Ta imot fleire lærlingar!

I Rogaland er nå 350 ungdommar utan lærlingeplass. Fylkesmannen oppmodar kommunane til å ta imot fleire lærlingar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.08.2015

Kva er ein lærling?

Ein lærling er ein elev som har gått to år i vidaregåande skole og som skal gjennomføre resten av opplæringa si i ei relevant bedrift. Det er laga eigne læreplanar for kvart fag, og opplæringa i  lærlingbedrift skal følgje den aktuelle læreplanen.

Lærlingen er arbeidstakar med dei plikter og rettar som føljer av lov, avtalar og arbeidsreglement. Læretida er til vanleg to år. Læretida blir avslutta med fag-/sveineprøve.  LES MEIR

Kva må til for å ta imot ein lærling?

Lærlingen skal ha ein fagleg leiar og ein instruktør i bedrifta, som ser til at elementa i fagplanen blir gjennomgått og legg til rette for det. Fagleg leiar og instruktør kan vere same person.

Fagleg leiar må sjølv ha fagbrev i det faget lærlingen utdannar seg i, eller minimum 5 års relevant erfaring. LES MEIR

 Bedrifta er ansvarleg for å melde opp lærlingen til fagprøva.  

Tilskott

Bedrifter som tar inn lærlingar, får eit tilskott for dette. Tilskotet er gitt etter faste satsar frå departementet. Regjeringa har varsla at desse satsane skal aukast.  LES MEIR

Kontakt

Ta kontakt med Rogaland fylkeskommune 

Catrine Utne Pettersen, mobil 412 21 569, e-post catrine.utne.pettersen@rogfk.no

Torbjørn Håmsø, mobil 412 34110/51516766, e-post Torbjorn.Hamso@rogfk.no

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.