Presseprogram under Kronprins-besøket i Haugesund

Søndag 16. august opnar H.K.H. Kronprinsen Den norske filmfestivalen i Haugesund. Festivalen er den 43. i rekka. Kronprinsen får med seg verdspremierane på både katastrofefilmen «Bølgen» og dokumentarfilmen «Pøbler», ein film som er støtta av Kronprinsparets Fond.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.08.2015

Dokumentarfilmen er eit portrett av langtidsledige ungdommar som gjennom Pøbelprosjektet får ein ny sjanse til å få skikk på liva sine. Filmskaparen Kari Anne Moe kjem tett innpå ungdommane. Filmen har premiere på Den norske filmfestivalen måndag 17. august. Fire dagar seinare er det ordinær kinopremiere.

Les meir: Kronprinsen til filmfestivalen i Haugesund.

I høgremargen finn du presseprogrammet for besøket.

Akkreditering og informasjon

Presse som ønskjer å dekka besøket, må vera akkreditert hos Den norske filmfestivalen. Spørsmål om besøket kan rettast til:

Tonje Hardersen, festivaldirektør, Den norske filmfestivalen. Mobil: 928 30 559.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Dokument